fredag 29. februar 2008

Siste nytt frå naboen

Eg har ein spesi nabo, det er ikkje å kome frå. I går hadde eg besøk av ei frå jobben. Ho er allergisk mot kattar, så Ronja måtte vera ute. Det har ho klart heilt fint før, og såg ingen grunn til at ho ikkje kunne vera ute lenger. Etter ei lita stund høyrde eg at ho mjaua og gjekk til "altandøra" (har ikkje altan, difor hermeteikn) for å sjå om det kom derifrå. Det gjorde det ikkje, noko som betydde at ho måtte stå i yttergongen eg har felles med naboen. Men eg hadde ikkje sluppe ho inn, så eg syntest det var merkeleg. Eg gjekk ut i gongen, og sanneleg, der stod Ronja. Eg sa hei til henne, og ho kom inn i leiligheten min. "Hei" seier naboen min, "ho har berre vore inne hjå meg litt". Jaha??? Skal eg godta at han berre tek inn katten min i sin leilighet når det passar han? Er det vanleg at naboen har min katt i si seng fordi han har lyst? Eg visste ikkje noko om at dette var vanleg Mogleg eg er naiv, men eg trudde faktisk ikkje ein berre kunne ta ting som ikkje er sine inn til seg sjølv. Kanskje eg skal gå på Jærhagen (det lokale kjøpesenteret) og ta med meg ein baby heim, for han eller ho grein litt. Det verka som om ho ville vekk derifrå, så eg tok saken i eigne hender. "Kom med meg du baby, du kan vera inne hjå meg litt". Det er jo nesten det same.... Dette er jo berre ein av mange meget rare ting naboen min gjer. Det er nok ikkje siste gong han får plass på bloggen min, kjenner eg han rett.

6 kommentarer:

Anonym sa...

heya;) kult at du nevnte meg då! aldri blitt nevnt i ein blogg før:S hehe...

men vil ønska dg ein goe helg, prates:D

Åshild sa...

e du naboen min...:S ?

Ole sa...

Haha! Men er ikke den katta mye på tur alene og sånn,,,jeg sa jo at det var et stort ansvar med katt åshild!

Anonym sa...

neida..hehe.ikkje naboen din foreløpig. mitt navn er mette brix, og eg lurer på om ikkje me er kollegaer..;)

Åshild sa...

Å, det va ein lettelse... Mette Brix... det va akkurat som om det va någe kjent med det navnet...;)

Anonym sa...

nåå så heldig du e som he katt da, d høres koselig ut, hehe ;) morsom blogg! -Astrid Synnøve