laurdag 26. april 2008

Tom

Eg er tom. Eg har ingenting å skriva om, og eg begynner å lura på om det var ein feil å oppretta min eigen blogg. Det skjer jo ikkje akkurat så veldig mykje spanande frå dag til dag. Eg har heller ikkje dei store tankane om alle slags ting... Så eg går med dette inn i tenkeboksen, og prøvar å finna på noko å skriva om. Eller om eg evt skal skriva meir i det heile...

torsdag 17. april 2008

100 ting du burde irritere deg over før du dauer

Dette er ei fantastisk bok, skriven av Steinar Sagen. Han har sitt eige program på P3 (Radioresepsjonen) og har hatt fleire seriar på NRK. Han gav ut denne boka for ei god stund sidan, og eg ler kvar gong eg les i ho. Men så kom eg til eit punkt:


"Kjæledyr: Enda mer irriterende enn kjæledyr, er, om mulig, de som eier det. De elsker nemlig å legge ut om de teite opplevelsene de har hatt med dyret. Hvor sjarmerende det er når de driter seg ut, eller bare driter, hvor kosete det er, at de hat tissa på gulvet (men det er bare søtt!), om lufteturer og besøk hos veterinæren, sædledere som klipper og livmorer som fjernes. Ha, for et gøyalt tema! Fortell mer!"

Greit nok, eg snakkar ikkje om slike ting, men eg snakkar jo om Ronja av og til. Då er eg, i fylgje Steinar Sagen, ein av 100 ting du burde irritera deg over før du tek kvelden... Oh happy day!

søndag 13. april 2008

Oppdatering

Eg veit eigentleg ikkje heilt kva eg skal skriva om, for det har ikkje skjedd så veldig mykje spanande sidan sist.

Eg har hatt besøk av Ola i helga, det var jo kjekt. Me gjekk innom ei bruktbu for å sjå etter billege godbitar (filmar), men det var heller dårleg. Me hadde ein herleg middag på Pizza og Burger Companiet, nam nam. Morten tok også turen og me såg ein film. Laurdag lokka Kvadrat. Eg diska opp med kylling og fløytegratinerte poteter til middag, så tok me turen til Morten for å sjå Farmen-finalen. Hurra for Silje! Det kom ikkje som ei bombe. Sundag kjørte eg Ola til Mekjarvik og gjekk så ein lang tur, nesten til Klepp! Enkelte meiner at det tek ein halvtime å KØYRA til Klepp, så du kan berre tenkja deg kor lang tid det tok å gå! Nå ventar eg på Inger. Me skal sjå film (ja, eg har mange filmar eg må sjå...) og eta vafler. Med heimelaga syltetøy. Nam nam...

Elles ligg Vinking under akkurat no, det er jo ikkje fullt så kjekt, men i ekte Viking-ånd kjem det vel eit mål snart. Gjer ofte det når dei ligg under 1-0... Ronja har kanskje ungar i magen sin. Følg med i neste episode av det spanande livet til familien Åshild Østebø på Voll!

onsdag 9. april 2008

Kjærastepar, kjærastepar, gifta seg i eit badekar!

Rekk opp handa alle dei som har sett Farmen utan å bli provosert av desse to? Eg meiner, greit dei har eit nært forhold, men det får då vera grenser! Kven har ikkje irritert seg over kor leis dei sit og beundrar kvarandre under intervju? Sitja slik å studera kvarandre sine skuldre og fjes i timavis... Nei, takka meg til...


Den veka Unni var storbonde på Farmen var sjølvsagt Torkel hjelpar. Eg trur ikkje eg såg Unni ein gong utan Torkel springande i hælane på ho. Beste kommentaren den veka var utan tvil: " Skal du være med meg å legge deg, eller skal du være her med jentene, Torkel?" Og Torkel går å legg seg med MORA! Kva gutt på 20 år vel å leggja seg med mora framfor å snakka med jenter? Sukk... Stakkar Torkel fekk jo også "drapstruslar" mot seg. Ja, Unni, Hugo hadde tenkt å kappa sønnen din opp i mange betar og levera han på døra di som han sa... Hjelpe meg for eit kaos det vart!

No har då Unni kome til finalen, men Torkel måtte reise heim. Stakkar Unni veit mest ikkje kva ho skal gjere. Fyrst sonen og så vart dyra tekne frå ho. Ikkje rart ho går på ein smell psykisk sett... Måtte nesten le litt då Torkel vart valgt til 2.kjempe. Ho var jo heilt i frå seg og lurte på korleis ho skulle klara seg på garden utan Torkel. Kjære deg, menneske, du er 43 år! Du må klara å leva utan sonen din i 3 veker!!! Det boblar inni meg når eg tenkjer på kjærasteparet som vert intervjua, og dei herlege stemmane dei har... Eg seier som Gerd Liv Valla: Æ SPYR!

søndag 6. april 2008

Utviklingssamtalar

Neste veke skal me ha foreldresamtalar att. Det tek like mykje på kvar gong. No er det ikkje så lenge sidan me hadde samtalar sist, så det er ikkje så mykje nytt å finna på. Slike samtalar krev enormt med forarbeid, og det tek mykje tid. I morgon skal eg vera på skulen frå halv 7-7 til halv 7-7 på kvelden. Og slik held det fram i tre dagar. Då er ein temmeleg pumpa når ein kjem heim, skal eg seia deg. Men på den andre sida er desse samtalane gull verdt. Her får ein moglegheit til å snakka med eleven ein og ein om alt. Det får ein ikkje tid til i løpet av ein vanleg dag. Me kan snakka om kva som er lett, kva som er vanskeleg, om eleven har det fint på skulen og kva ein skal jobba med.

Så om eg ikkje oppdaterar bloggen min før torsdag, kanskje til og med fredag er det grunnen. Torsdag skal eg til Egersund på konsert med Calvin Bridges, og eg GLEDAR meg:)

torsdag 3. april 2008

I wish

No er det ikkje lenge til bursdagen min. Dette er det eg ynskjer meg: Konsert med denne mannen


Trur berre eg seier "sukk", det dekkjer det meste... eg kan evt seia haba haba... :D