laurdag 23. februar 2008

22. juni

Når eg var liten var eg med farmor, farfar og tante på ferie (good times, by the way). Då måtte me av og til presentera oss for nye folk. Min måte å presentera meg på var: "Hei, eg hette Åshild, og eg fylle året 22. juni." Det var det eg syntes var verdt å vita om meg. Den tradisjonen ser ut til å (ufrivilleg) fylgt med meg seinare i livet, berre på ein litt meir diskrè måte.

Når klokka er 22.06 hender det at eg seier: "nå e klokkå bursdagen min". Nokon av dykk som har vore litt med meg har kanskje opplevd dette. Eg har nok eit behov for at dei rundt meg veit kva tid eg har bursdag. Eg må liksom berre passa på at de ikkje gløymer dagen min! For bursdag er kjekt, same kor gammal eg blir. Heile dagen går eg og samlar gratulasjonar, eg får bestemma middag, alt dreier seg om meg, meg, meg.

Kvifor skriv ho om bursdagen sin no, tenkjer du kanskje. Hallo, har du ikkje lest noko av det over?? Eg vil minna deg om at det er under 4 mnd til bursdagen min! Begynn å planlegg overraskelsesselskap, leit etter gaver, finn fram finstasen! Eg vert tross alt 25 år!!!

5 kommentarer:

Kamaget sa...

oppskrytt å fylle 25 ... er halveis til 50... og det er jo ikkje posetivt lissom.

Anonym sa...

Hmm.. du er ei snodig skrue du Åshild! Du vett at du må baga kaker til alle på jobben din?? Nå når du he kome ut i arbeidslivet så e det ikkje berre få, få, få lenger. Då må du gi litt og!!

Åshild sa...

hørrte du meg kje karen? bursdag e kjekt uansett!!

gjermund, sjå på datoen eg fylle året. går me på skulen då??? nei, me gjer kje det, så eg sleppe å baga kaga:) men då får eg jo heller ikkje liga møje oppmerksomhet så eg hadde fått om eg hadde fyllt litt før.

Familien Settem sa...

Eg må le! Kan i alle fall bekrefta at du e særs opptatt av 22.juni. Og å var med deg når eg va liten har faktisk ført te at det har brent seg i meg åg. Kan rett så det e ta meg i at "nå e det to månar te Åshild har bursdag" og så videre. 22.juni e spesielt, enig i den :) Du va søt då, når du ivrig kunne fortella om bursdagen din!

Kurt Inge sa...

den dagen der er vanskelig å glemme, ja=) Men det er godt du minner oss på det, lille venn! Når klokka er 22.06, så tenker jeg ofte det samme, takket være deg!