søndag 22. mars 2009

Riks TV må dø

Er det fleire enn meg som ikkje er overbegeistra for Riks TV? Kvar gong eg ska sjå noko på fjernsyn skurrar signalet. Og det skal ikkje meir til enn at det kanskje bles bitte bitte litt i Bjerkreim for at heile driten dett ut. I dag skulle eg sjå fotball extra, men boksen bestemte seg for å streike. Trur fleire er einige med meg i at Riks TV ikkje akkurat treng å få Oppfinnarprisen, om det finst noko slik... Nei, det blir nok parabol om ikkje lenge. Are you with me?

søndag 15. mars 2009

Der var me igong igjen!

Åååååååååååå, eg vil på kamp i dag! Eg har så lyst at eg nesten finn nokon tilfeldige på gata og tek dei med, om ingen andre vil vera med då.

Dette er altså ein invitasjon til å vera med meg på kamp i dag. Viking-Odd, seriestart på Viking stadion! Men du må betala billetten sjølv, for det gidd ikkje eg gjer, eg har meir enn nok med min.

Om du vert med kan eg lova deg ei gira, engasjert og hoppande glad jente i Viking-drakt. Åååååå, eg vil høyra den majestetiske songen når spelerane kjem inn, og alle reiser seg og klappar for guttane! Det boblar i meg berre eg tenkjer på å vera på stadion. Koma n, ver med då! Den begynner kl. 18.00, så du må gje meg lyd om du vil vera med før det:)

Snakkest då! HEIA VIKING!!!! Åååååå, eg e gira nå, skulle tru eg var høg... Men dei som kjenner meg, veit at eg berre er 1.65. Hahaha, eg dauer av meg sjølv.... VIKING!
Frå ein vikingsang: "Me klappe, me reise oss å robe i kor! Heia heia viking....."

søndag 1. mars 2009

Nei...

Nei, eg gir opp dette.... Dette vert siste innlegg. Eg får jo ikkje oppdatert, så det er ikkje vits i... Sånn, då var den avgjeringa teken. Over og ut....