tysdag 4. mars 2008

Immunsystemet

Eg har tidlegare hatt eit perfekt immunforsvar. Aldri sjuk sjølv om alle ligg som floger (fluer). Eg var frisk og rask, med godt mot. Ingen bakteriar beit på meg, ikkje e-coli, ikkje fugleinfluensa, ja ikkje eingong vanleg influensa kom seg gjennom mitt beintøffe immunforsvar.


Men no, no er det nye tider. Det er som om immunforsvaret har gått ut i streik. Før ferien, eg meiner avspaseringa, hadde eg vore sjuk i to-tre veker. Eg blei frisk i løpet av ferien og møtte på jobb med friskt mot. Men no, andre veka etter ferien kjem det krypane igjen. Hoste, dårleg hals, feber... Eg sov 10,5 timar i natt, og 2 timar i går ettermiddag. Kva skjer???

Kvifor har immunforsvaret vendt meg ryggen? Kva har eg gjort deg, evt ikkje gjort??? Eg bed deg, immun, kan me ikkje verta venner att? Unnskyld for det eg har gjort mot deg, evt ikkje gjort mot deg. Kan du tilgi meg? Ver så snill.... Eg kan ikkje sjå slik ut for alltid (sjå bilete).

6 kommentarer:

Kamaget sa...

gå inn på immunfrsvaret.com å spør hvorfor;)

hehe

et fisk

Åshild sa...

hadde fisk t middag i dag faktisk, og fisk sist vega åg... men ikkje så mange gonger så de seie me ska ha...

eg har jo sagt unnskyld t immunforsvaret, ordne seg kje då?

Anonym sa...

vett du ka åshild,mitt immunforsvar har svikta meg og i d siste, eg e heller ALDRI syge,men den siste månen har eg hatt spysygå ein gang, og to uger itte d så låg eg me feber og spydde i to dagar...ikkje någe kjekt...e kje vant me sånne forhold eg vel...

Anonym sa...

Pingle!!:)

Anonym sa...

åshild da...ej syns no du ser heilt normal ut ej...;)


-magne-

Åshild sa...

gjermund, pingla sjøl!:)

magne, komplimentå sitte alltid laust sjå deg:P