onsdag 27. februar 2008

Voksen...

Det er hardt å verta voksen! Det gjekk opp for meg sist veke. Det var så mange ting som måtte ordnast, som burde vore gjort for lenge sidan. Eg har leilighet og eg har bil, det er heilt nytt for meg. Det gjer at nye ting må ordnast. Som for eksempel å lesa av strømmen. Det må eg kanskje gjer no etter kvart, eg har tross alt budd her i eit halvt år... Same med å betala for AutoPass-brikka mi. Den har vist ein gul vassrett strek i bommane sidan eg fekk brikka. Men det er eigentlig ikkje min feil, sidan purringa aldri kom.


Eg måtte og ta ein telfon til Lyse og høyra om eg hadde betalt alle rekningane eg skulle og om eg evt hadde betalt for mykje. Syns dei rekningane kjem heile tia eg... Lånekassen er min fiende. For det fyrste må ein vente i telefonkø i ein halv time, når ein endeleg kjem gjennom kan dei ikkje hjelpe meg. Men eg fekk i alle fall begynt å betala på studielånet mitt, ikkje kjekt. Takk og pris for avtalegiro og eFaktura seier berre eg, elles hadde eg blitt neste offer på Luksusfellen på TV3!

Skatteetaten er også eit kapittel for seg. Ein sit der i kø og ventar og ventar. "Det er for tiden 48 kundebehandlere. Du står nå som nummer 78 i køen". Hurra.... Eg skulle bestilla skattekort, noko eg heller ikkje er van med (pappa er god å ha). Skattekortet var sendt ut til adressa i folkeregisteret, altså heim. Heime hadde dei ikkje fått beskjed om at eg hadde skifta adresse (ikkje min feil, men posten sin), så dei sende det i retur. Skattetaten har ikkje lov å senda skattekort til anna adresse enn den som står i folkeregisteret. Eg inn for å melda flytting. Ringde tilbake til skatteetaten nokre dagar seinare, same køen. " Nei, her står det at adressa di er Talgje". Hurra... Ringde IGJEN for nokre dagar sidan, etter at eg hadde fått brev om at den nye adressa var registrert. "Skal vi se, Talgje?" Nei, seier eg, eg har skifta. "Ja, Voll? Her står det" Fjuuh... så eg får vel skattekort no snart, to og ein halv månad ETTER at eg skulle hatt det. Livet er hardt når ein innser at ein er voksen.

3 kommentarer:

Familien Settem sa...

Kan bare signera på at lånekassen e noe drit. Heilt umulige å få tak i dei der. Eg åg hadde smertelige erfaringar som deg någen dagar. Koffer i all verden gir di oss et telefonnummer som det e heilt umulig å komma gjennom i?? Ja, ja, kjenne frustrasjonen komme boblande bare av å lesa.. hehe :)

Åshild sa...

Ja lånekassen kan bare brenna for min del.... Skatteetaten åg, men det kan eg kje sei høgt, for då komme de å tar meg :S

Margunn sa...

Ska sje ver lett...:P