Etter fleire uavhengige ønske om at eg skal starta eigen blogg, gjev eg etter for presset. Merk dykk at eg kjem til å skriva nynorsk, de som har problemer med det, kan kontakta meg via mail så kan eg omsetja det til bokmål. Grunnen er enkel: eg jobbar som lærar, og på skulen skriv me nynorsk, så det er vorte det naturlegaste for meg å skriva.
Ja, kva har skjedd sidan pannekakehuset-bloggen blei erklert daud? Eg har kjøpt meg leilighet. Eg har kjøpt bil, ein burgunder. Neida, det er ein Mitsubishi Carisma 98 modell, eg er særs nøgd med den, dersom ein ser vekk frå bulken eg klarte å laga 6 dagar etter at eg hadde kjøpt den... Eg har fått jobb, på Bryne. Men det var jo ikkje nytt, forresten. Eg har fått katt, Ronja. Ho har makk i magen... Eg har ikkje fått meg type, om nokon lurte:) Hehehe
Elles har eg ferie no, eg meiner avspasering..... Då blir det seine kveldar for denne jenta. Skal eg aldri læra?
Kanskje eg skal forklara kvifor bloggen har adresse Mashild, og ikkje Aashild, som ville vera det mest logiske. Nokon vil kanskje meina at Mashild er det beste og mest logsiske namnet, forresten. Jaja, same det... Eg masar, om alt og ingenting, og her kan i alle fall dei som vil høyra (lesa) på maset mitt:) Dessuten var aashild oppteke. Nok mas for denne gongen.... La til to bilete, eit av m
eg og eit av katten. Då er det katten øvst, om nokon skulle vera i tvil.
20 kommentarer:
Særs bra med ein ny blogg;-) Eg vart ei smule inspirert til å skriva på nynoregsk...Eg vonar du har det godt og kosar deg med den nydelege katta!! Du får berre eta hugleik på staur inntil den vene prinsen kjem..Det gjer eg;-) Tjohoo så lenge!!
hehehe, lovely! fysste kommentaren på bloggen, gratulera! eg komme nok t å ha et litt lausare språk på kommentarane:) men flott at du skrive nynorsk!!
hmmm for å sei da slik... eg gidde ikkje å skriva på nynorsk.. eg skriv ganske so laust:P e da grait?
men tenk... at eg av alle persona måtte hinta frampå at du hadde skreve feil... mmmm da smake fortsatt veldig bra og ha rett... sia du nekta for at du hadde skreve noko feil.... :D
detta har eg plana om og leva ei stond på:P
menne ellers.. skal me sjå... hmm.. fint bilde av katten... e den i live ennå forresten??
ok.. da var no eit fint bilde av dg og då;-)
di dialekt e jo nynorsk, så det e jo kje langt frå vil eg sei. katten leve sine glade dager ja... hu har det som plommen i egget:) det e jo klart, det e jo eg så passe på na:)
welocome Mashild!!
Gler meg til å lesa det du har på hjarte.
Når e er færi med ksulen skal eg og bli flinkare å oppdatere min. Forventar en link da alså!!!
hehehe....
du må ta bilde av ronja i farta...sia hu ofte e det.
haha! Lykke te me bloggingå!
det e kje så lett å ta bilde av ronja i farten, hu springe alt for fort...
heheheh, du ler du knut:) herligt
javel" Konge at du hørte på meg=)
Interessant med nynorsk, syns med en gang det blir litt mer seriøst, altså.! Men det er jo tross alt egentlig hovedmålet mitt også..! Syns bare ikke det passer helt for meg, jeg!
Gratulere!=D
Ser fram t å lesa denne bloggen..:)
hei hei Åshild.
Det var en flott blogg må jeg si. Veldig koselig å se og lese om karneval og alt annet du hadde skrevet. Veldig oppklarende at det øverdste bilde var av katten var virkelig i tvil når jeg studerte de!!
Kongen har bursdag i dag!! Her feires det med litt ekstra god mat, les koktepoteter til "kongen"
Jippi!!! Det med katten va nytt for meg.
Eg komme te å fylla med på livet ditt nå framøve :)
Yo! Kul blogg Mashild. Fancy "navn" du har tilegna deg..;)
Men den katten, ja du vett ke eg meine om den.
oj, kjekt med så mange kommentarar:)
Silje, hils kongen og dronningå, prinsen og inge :P
Elisabeth, trur kje der skjer så veldig masse i livet mitt, men det e jo kjekt om du e inne å lese :)
Gjermund, du kan bare tia om du ikkje har någe fint å sei om katten! Dessuten e det ikkje eg så har fonne på mashild, det bare komme når eg mase:)
Du maser jo endel også da.. Navnet er igrunn midt i blinken. Hører du driver å skyller gullfiska ned i do? Det er jo ypperlig kattemat. Hmmm jaja, gleder med til å høre om alt som skjer på Voll. Voll ligger ca en halv time uafor Klepp for dere som ikke har hørt om Voll. Og navnet beskriver igrunn plassen "volldig" bra.
Hilsen Tommy
tosk tommy! Voll ligge IKKJE 30 min frå klepp, men 5... men det med voldelig e jo sant:) herligt med kriminelle naboar:)
Stemme det! Åshild, det med fiskane, det må det bli ein slutt på. Tenk så mange som kunne hatt glede av fine gullfiska i stuå. Ikkje alle som har råd til slike fancy greier i stuå.;)
Og dessuten, katten din er jo underernært, så fisk + katt= sant!
nå trur eg ikkje du ska snakka om å hiva fiskar i do. itte så eg huske va det du så heiv de i do, det va du så mada de med kaffi, kanel, peanøtter og non stop! og katten får meir enn nok mad! så d så... sko kje du våre på jobb?
Va på jobb, kl 1242: matpause, og ja, me har internett på jobb i motsetning til der du jobbar?
åå, så va det så kjekke blogg at du bare MÅTTE inn å lesa! Hehe
Og for your information så har me internett på jobben min åg...
Eg slutte meg te di andre, og glede meg te å lesa, alltid någe underholdande der. Å kjekt å lesa litt om ka min kjære nase drive med å sånn :)
Legg inn en kommentar