søndag 29. juni 2008

Update


No har eg vore treg med oppdateringane, eg veit det.... Men det har skjedd så mykje denne veka, travelt med ferie!

Fredag fekk eg besøk av Hilde, ho skulle vera heile helga og eg gleda meg stort til besøket. Me hadde ein tur i byen og på kvadrat. Me fann ut at me ville sjå film på kvelden, og skal ein sjå film, må ein ha snop. Hilde fekk sightseeing på Klepp, og ikkje minst Borestranda. Ho foreslo at me berre skulle kjenna om vatnet var iskaldt så det gjorde me. Vatnet var ikkje så gale etter ei stund, og eg vassa lenger og lenger ut med bølgene. Det endte som det måtte: me var kliss våte frå topp til tå, og kleda er ennå ikkje turre. No forstår eg mamma sin frustrasjon då eg kom heim med våte klede kvar dag på ungd.skulen ein periode... Tips: sånn nettbank-brikke med kode tåler ikkje vatn, så veit du det....

Laurdag visste me ikkje heilt kva me skulle finna på, men Rogaland har jo så mykje å by på blandt anna Kongeparken. Eg har vore der kanskje 2 gonger sidan ungdomsskulen, så det va kome mykje nytt. Sist gong eg var der var for 5 år sidan og allereie sidan det var det kome mykje nytt. Eg trudde eg skulle dø (heilt seriøst) i to av "karusellane". Hilde sa at eg sperra opp augene og såg livredd ut i ein berg-og-dalbane. Eg sat berre heilt stiv og håpa turen snart skulle ta slutt. Eg sa ikkje eit ord, utruleg nok. Når me sat på bakken og såg på andre som tog denne "høydeskrekken", som den heiter, såg den ikkje skummel ut i det heile. Men når me kom opp.... Ojojoj, aldri meir! Eg trur det er ein av topp 10-skalaen av kor redd eg har vore. Dagen i parken avslutta heldigvis godt med ein heilt ufarleg rutsje-ting.... Elles trur eg kanskje ikkje eg hadde nærma meg Ålgård meir.

No har Hilde reist, og eg sit att åleine. Men eg har jo katten då....

6 kommentarer:

Kurt Inge sa...

og så er det heldigvis ikke så langt til ogna, heller=)

Husker godt når vi var i kongeparken sammen.. Var det en eller to ganger??? Husker iallfall at jeg glemte genseren din på bussen, var det ikke sånn???

Ja,ja.. mye minner derfra,ja! =)

Familien Settem sa...

to ting (merk, ikkje ein ting...):
1) Skjønne godt at du ikkje har oppdatert bloggen din, må jo tross alt la blogg om bursdagen din stå ei stund...
2) Fekk litt flashback te ein viss berg- og dalbane i Danmark.. Eg måtte jo seriøst be deg pusta!! I tivololand-land ;)

Å ein ekstra ting: Me komme te Talgje om litt øve ei vega, e du hiema då??

Åshild sa...

ja, eg mimra og om turen/turane me hadde t kongeparken ingelin, good times? eller kanskje ikkje... eg huske kje heilt

tante, den der berg- og dalbanen i Danmark e absolutt den verste eg har tatt! Den ligge laaaangt oppe på reddhetsskalaen min:) Men den der andre karusellen i tivoliland-land va fillen kje lide skummel den heller, då trudde jo du og at du ko dø... Måtte du be meg om å usta altså? det huske eg ikkje...

eg kan alltids ta turen når dåkke komme langveisfrå:)

Liv sa...

Godt du leve ennå! Det sette eg pris på!

ellers så ligge det på bloggen min te deg...........

Nunne sa...

Si meg, har du bursdag den 22.juni? Tilgi meg egoismen på kommentaren og GRATULERE med overstått.
At du er datter til LIV har jge plutselig forstått, du har ei koselig mamma hvertfall! Ho er vi mange i blogglandia som er glad i, ikke bare du!
Kos deg med katten og ha en fin kveld, jeg må bake ut brødene...
Hilsen fra Nunne...

Åshild sa...

takk for det nunne, sjøl om eg ikkje vett kem du e:)

takk for det der på bloggen, mamma:)