torsdag 12. juni 2008

Pacific Blue

Kor fantastisk er det ikkje at denne serien er attende på fjernsyn? Bilete av damer i mini mini mini bikinar, folk som surfar, hawaii-musikk, kjekke menn: her er det noko for alle! Til og med fanatiske nynorsk-kjemparar kan fylgja programmet i år, tekstane er på nynorsk! Dette gir meg ei skikkeleg god sommarstemning, og eg mimrar tilbake til tida då eg og May Beate snakka om Pacific Blue kvar gong me møtte kvarandre. TC var jo den store helten, inga tvil om det! Favorittepisoden min er den når TC og Chris skal vera spanerar i ein stor container, det er då den søte musikken, som det heiter, oppstår. Så kjem Palermo, aka horsie, og ser dei nyforelska medan han smilar på sykkelen sin.... Kjenner at det kjem til å bli nokre seine kveldar framover sjølv om eg skal på jobb tidleg, eg må jo ha med meg god-serien:)


Har du nokre favorittepisodar? Kven er din helt?

4 kommentarer:

Familien Settem sa...

Godt å hørra den velkjente introen igjen ja :) Minne meg faktisk litt om stunts-lyden, hehe! Elvis e min helt... ;)

Familien Stjern sa...

hehe,ja d e godt den serien e tebage på tv=) e ikkje sommar uten dei folkå her ass;)

Marte Gard Ullenes sa...

Va den tiå de ikkje va tv i Litlestå. Men litt har eg fått me meg ligavel. Hadde ikkje gjort meg någe å sjå d igjen, så de e kanskje liga greit at muligheten ikkje e der. Så kan tiå heller brukst te någe fornuftig (som å legga inn kommentarar her). :)

Åshild sa...

ja, den introen vekke mange minner:) herlige sang, hehe