Eg har ein spesi nabo, det er ikkje å kome frå. I går hadde eg besøk av ei frå jobben. Ho er allergisk mot kattar, så Ronja måtte vera ute. Det har ho klart heilt fint før, og såg ingen grunn til at ho ikkje kunne vera ute lenger. Etter ei lita stund høyrde eg at ho mjaua og gjekk til "altandøra" (har ikkje altan, difor hermeteikn) for å sjå om det kom derifrå. Det gjorde det ikkje, noko som betydde at ho måtte stå i yttergongen eg har felles med naboen. Men eg hadde ikkje sluppe ho inn, så eg syntest det var merkeleg. Eg gjekk ut i gongen, og sanneleg, der stod Ronja. Eg sa hei til henne, og ho kom inn i leiligheten min. "Hei" seier naboen min, "ho har berre vore inne hjå meg litt". Jaha??? Skal eg godta at han berre tek inn katten min i sin leilighet når det passar han? Er det vanleg at naboen har min katt i si seng fordi han har lyst? Eg visste ikkje noko om at dette var vanleg Mogleg eg er naiv, men eg trudde faktisk ikkje ein berre kunne ta ting som ikkje er sine inn til seg sjølv. Kanskje eg skal gå på Jærhagen (det lokale kjøpesenteret) og ta med meg ein baby heim, for han eller ho grein litt. Det verka som om ho ville vekk derifrå, så eg tok saken i eigne hender. "Kom med meg du baby, du kan vera inne hjå meg litt". Det er jo nesten det same.... Dette er jo berre ein av mange meget rare ting naboen min gjer. Det er nok ikkje siste gong han får plass på bloggen min, kjenner eg han rett.
fredag 29. februar 2008
torsdag 28. februar 2008
Endeleg!
Eg fekk ein fantastisk telefon i går. "No bør du vera veldig glad i meg" sa stemmen. Eg lurte på kvifor eg skulle vera så veldig glad i denne bergenseren. "Eg har skaffet oss to billetter til Kaizers konserten. Den på lørdag." Min spontane respons var: "Eg elske deg!!!" Eg. Vart. SÅ. Glad. Eg har lenge hatt lyst til å gå på konsert med Kaizers Orchestra, men har aldri komt meg så langt. Men denn gongen hadde eg bestemt meg: Eg skulle på konsert. MEN: eg bestemte meg for seint, og alle billettane var selde. Til og med dei til ekstrakonserten. Eg var sjølvsagt altfor seint ute. Men Heidi gav ikkje opp. Ho ringde og styrte, og til slutt lønna hennar harde strev seg! Eg skal på konsert, og klarer mest ikkje vente!! Håpar berre dei syng nokre av mine favorittar. ÅÅÅÅÅÅ, kan det ikkje bli 15. mars snart? :)
onsdag 27. februar 2008
Voksen...
Det er hardt å verta voksen! Det gjekk opp for meg sist veke. Det var så mange ting som måtte ordnast, som burde vore gjort for lenge sidan. Eg har leilighet og eg har bil, det er heilt nytt for meg. Det gjer at nye ting må ordnast. Som for eksempel å lesa av strømmen. Det må eg kanskje gjer no etter kvart, eg har tross alt budd her i eit halvt år... Same med å betala for AutoPass-brikka mi. Den har vist ein gul vassrett strek i bommane sidan eg fekk brikka. Men det er eigentlig ikkje min feil, sidan purringa aldri kom.
måndag 25. februar 2008
Anette er snart 50 år...
Anette har bursdag i dag. Ho blir 25 år, snart 50. Ho har nermast trua meg på livet til å skriva på bloggen at ho har bursdag i dag. Så då må eg vel berre gjer det, eg er ikkje klar til å døy heilt enda.
Anette er ei jente med mange sider. Ho er redd for det meste, men på same tid ikkje redd for å drite seg ut. Ho har omsorg for dei rundt seg. Ho har ein av dei sjeldne latterane. Ho er bortskjemd (ooops, sorry...). Ho har ein fantastisk songstemme. Ho er god å laga mat. Ho er strukturert. Ho har sjølvdisiplin. Ho er streng (som lærar). Ho er herleg!
GRATULERA MED DAGEN, MIN VENN! Du e god:)
laurdag 23. februar 2008
22. juni
Når eg var liten var eg med farmor, farfar og tante på ferie (good times, by the way). Då måtte me av og til presentera oss for nye folk. Min måte å presentera meg på var: "Hei, eg hette Åshild, og eg fylle året 22. juni." Det var det eg syntes var verdt å vita om meg. Den tradisjonen ser ut til å (ufrivilleg) fylgt med meg seinare i livet, berre på ein litt meir diskrè måte.
Når klokka er 22.06 hender det at eg seier: "nå e klokkå bursdagen min". Nokon av dykk som har vore litt med meg har kanskje opplevd dette. Eg har nok eit behov for at dei rundt meg veit kva tid eg har bursdag. Eg må liksom berre passa på at de ikkje gløymer dagen min! For bursdag er kjekt, same kor gammal eg blir. Heile dagen går eg og samlar gratulasjonar, eg får bestemma middag, alt dreier seg om meg, meg, meg.
Kvifor skriv ho om bursdagen sin no, tenkjer du kanskje. Hallo, har du ikkje lest noko av det over?? Eg vil minna deg om at det er under 4 mnd til bursdagen min! Begynn å planlegg overraskelsesselskap, leit etter gaver, finn fram finstasen! Eg vert tross alt 25 år!!!
torsdag 21. februar 2008
Karneval
For 3-4 år sidan hadde me gruppearbeid på skulen. Mens me jobba og sleit oss gjennom oppgåva, fann me på at me skulle ha reunion året etter me var utdanna allmennlærarar. Me skulle ikkje berre ha reunion, me skulle også ha karneval. 5 stk skulle ha karneval...Jaja, me var unge og dumme! Festen skulle haldas hjå Silje, om ho fortsatt levde. Om ho var død, skulle festen vera hjå Anette.
onsdag 20. februar 2008
Javel då!
Etter fleire uavhengige ønske om at eg skal starta eigen blogg, gjev eg etter for presset. Merk dykk at eg kjem til å skriva nynorsk, de som har problemer med det, kan kontakta meg via mail så kan eg omsetja det til bokmål. Grunnen er enkel: eg jobbar som lærar, og på skulen skriv me nynorsk, så det er vorte det naturlegaste for meg å skriva.