Neste veke skal me ha foreldresamtalar att. Det tek like mykje på kvar gong. No er det ikkje så lenge sidan me hadde samtalar sist, så det er ikkje så mykje nytt å finna på. Slike samtalar krev enormt med forarbeid, og det tek mykje tid. I morgon skal eg vera på skulen frå halv 7-7 til halv 7-7 på kvelden. Og slik held det fram i tre dagar. Då er ein temmeleg pumpa når ein kjem heim, skal eg seia deg. Men på den andre sida er desse samtalane gull verdt. Her får ein moglegheit til å snakka med eleven ein og ein om alt. Det får ein ikkje tid til i løpet av ein vanleg dag. Me kan snakka om kva som er lett, kva som er vanskeleg, om eleven har det fint på skulen og kva ein skal jobba med.
Så om eg ikkje oppdaterar bloggen min før torsdag, kanskje til og med fredag er det grunnen. Torsdag skal eg til Egersund på konsert med Calvin Bridges, og eg GLEDAR meg:)
søndag 6. april 2008
Utviklingssamtalar
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
3 kommentarer:
åå, sjekk ka ti innlegget blei posta... hadde eg bare våre 1 min raskare!! if only...:)
tog an :)
syns du e på konsert heila tiå eg... Fint liv!
du, vett når ein flytte t sivilisasjonen voll, blir det bare sånn... Neida, eg har vel bare grebe dei sjansane så har bydd seg trur eg... kanskje der skjer mær av konsertar her og? eg vett ikkje...
Legg inn en kommentar