søndag 13. april 2008

Oppdatering

Eg veit eigentleg ikkje heilt kva eg skal skriva om, for det har ikkje skjedd så veldig mykje spanande sidan sist.

Eg har hatt besøk av Ola i helga, det var jo kjekt. Me gjekk innom ei bruktbu for å sjå etter billege godbitar (filmar), men det var heller dårleg. Me hadde ein herleg middag på Pizza og Burger Companiet, nam nam. Morten tok også turen og me såg ein film. Laurdag lokka Kvadrat. Eg diska opp med kylling og fløytegratinerte poteter til middag, så tok me turen til Morten for å sjå Farmen-finalen. Hurra for Silje! Det kom ikkje som ei bombe. Sundag kjørte eg Ola til Mekjarvik og gjekk så ein lang tur, nesten til Klepp! Enkelte meiner at det tek ein halvtime å KØYRA til Klepp, så du kan berre tenkja deg kor lang tid det tok å gå! Nå ventar eg på Inger. Me skal sjå film (ja, eg har mange filmar eg må sjå...) og eta vafler. Med heimelaga syltetøy. Nam nam...

Elles ligg Vinking under akkurat no, det er jo ikkje fullt så kjekt, men i ekte Viking-ånd kjem det vel eit mål snart. Gjer ofte det når dei ligg under 1-0... Ronja har kanskje ungar i magen sin. Følg med i neste episode av det spanande livet til familien Åshild Østebø på Voll!

5 kommentarer:

Åshild sa...

sjå der ja, 1-1 :D

Liv sa...

sjå der ja, 2 - 1, ronja har ungar magen, kanskje...
var det ikkje det eg sa?

Åshild sa...

ja, det e jo bare någe eg trur si hu e et halv år... men hvis eg ser på magen hennas ser eg ingen forskjell

Anonym sa...

Den katten har ikkje ungar. Eg tippar den har ein alvorleg mageinfeksjon på grunn av underernæring.

Det var ein god kamp på stadion, heia Viking!!

Åshild sa...

va du på kampen, din snig? katten har mad i søkk og kav ska eg sei deg! så det så... ka vett vel du om kattar? hvis eg tenke på dine erfaringar, vil eg sei: LIDE