onsdag 9. april 2008

Kjærastepar, kjærastepar, gifta seg i eit badekar!

Rekk opp handa alle dei som har sett Farmen utan å bli provosert av desse to? Eg meiner, greit dei har eit nært forhold, men det får då vera grenser! Kven har ikkje irritert seg over kor leis dei sit og beundrar kvarandre under intervju? Sitja slik å studera kvarandre sine skuldre og fjes i timavis... Nei, takka meg til...


Den veka Unni var storbonde på Farmen var sjølvsagt Torkel hjelpar. Eg trur ikkje eg såg Unni ein gong utan Torkel springande i hælane på ho. Beste kommentaren den veka var utan tvil: " Skal du være med meg å legge deg, eller skal du være her med jentene, Torkel?" Og Torkel går å legg seg med MORA! Kva gutt på 20 år vel å leggja seg med mora framfor å snakka med jenter? Sukk... Stakkar Torkel fekk jo også "drapstruslar" mot seg. Ja, Unni, Hugo hadde tenkt å kappa sønnen din opp i mange betar og levera han på døra di som han sa... Hjelpe meg for eit kaos det vart!

No har då Unni kome til finalen, men Torkel måtte reise heim. Stakkar Unni veit mest ikkje kva ho skal gjere. Fyrst sonen og så vart dyra tekne frå ho. Ikkje rart ho går på ein smell psykisk sett... Måtte nesten le litt då Torkel vart valgt til 2.kjempe. Ho var jo heilt i frå seg og lurte på korleis ho skulle klara seg på garden utan Torkel. Kjære deg, menneske, du er 43 år! Du må klara å leva utan sonen din i 3 veker!!! Det boblar inni meg når eg tenkjer på kjærasteparet som vert intervjua, og dei herlege stemmane dei har... Eg seier som Gerd Liv Valla: Æ SPYR!

13 kommentarer:

Familien Stjern sa...

eg rekk opp handa=)for någen tullingar dei der to e ass, tvile på at d fins någen mer mammadalt enn han der altså...eg seie bare:HEIA SILJE;)

Familien Settem sa...

Som ivrige Farmen sjåarar kan meg og onkel skriva unna på din analyse. Det e heilt forferdelig å sjå. Når Torkel vant øve Eren skrudde faktisk OJ av for han orka ikkje sjå hete omfavnelsar av mor og sønn. Men det versta va ligavel når Torkel sko ut på kjempeøya og Unni lurte på koss hu sko klara seg ei natt uten han... seriøst, det va et tvilsomt utsagn!! Blir litt ivrig her... :)

Anonym sa...

Du Åshild, du Åshild, du er meg ei skrua, så mange tankar du har under lua. Du sit foran tv`en, nokre timar om dagen, ta deg ein tur ut, kanskje luke i hagen??:)

Å luke i hagen er ein fryd ikkje sant? Ei flaske i hekken du finn du kan ta i pant. Litt luft under vingene kan vera godt for deg no, besøkja ein venn, kanskje er det din nabo?:)

Åshild sa...

Du Gjermund, du Gjermund, du har det 'kje lett. Sit der og diktar, men er det no rett? Nokre timar om dagen er slett ikkje sant, eg undrar på kvar bak i håvet du fant, slik ein dum og usakleg beskyldning:)

Min nabo er rar og eg trur nok han har, fått seg dame med stunda og tider. Men du, eg har farmen, og Torkel har sjarmen. Den gutten har kanskje romantiske sider...


HEIA SILJE:)

Åshild sa...

rekke du opp hånda, cec? Har du ikkje blitt provosert?

Liv sa...

Ikke engasjer deg så voldsomt, da Åshild, det finnes viktigere ting i verden å bruke energien på, men: Heia Silje!

Åshild sa...

tenk så kjedeligt livet hadde våre om ein ikkje konne engasjera seg...

Liv sa...

..så voldsomt..., sa eg

Åshild sa...

ja, ok då... men eg e nå ein gong sånn at eg engasjere meg voldsomt, og dermed blir fort irritert. lure på kem eg har det frå? :)

Liv sa...

åsså prøve eg å vekka bloggen min te live igjennnn.........

Familien Stjern sa...

obs, eg meinte at eg ikkje rekke opp hånda, eg syns å huska at d sto: rekk opp hånda dei så har blitt provosert, for d va d eg meinte;)ska kje ver lett...hehe...

Kamaget sa...

jeg hadde rekkt opp handa fort, men etter å ha sett intervju med de om grunnen til de ha så nært forhold tar jeg den halveis ned...

Åshild sa...

delvis enig