fredag 28. mars 2008

Kva tyder det?

No for tida er eg frykteleg trøytt. Eg søv etter jobb kvar dag, og helst lenge. Eg trur overgangen mellom ferie og jobb vart for stor. Men poenget er at eg drøymer så ekkelt. I kvar draum vert eg jaga, jakta på, stengd inne eller noko anna skummelt. Ein dag drøymde eg at eg blei kidnappa og haldt som fange inne i huset til ei venninne. (Trur det med huset var tilfeldig.) Me kunne ikkje gå ut, for mordarane kunne komme kva tid som helst, og då fekk me svi. Eg gjekk ut på alltanen ein gong for å henta Ronja, Det ende med at Ronja vart hiven ned trappa og liggja livlaus att. Eg vaknar opp heilt varm etter draumen, og eg skjønar ikkje kvifor eg drøymer dette. Nokon seier det er ein grunn til at ein drøymer det ein drøymer. Kan det ha noko med at eg har fått ny sveis? Neida berre tulla, måtte berre smyga inn ein plass at eg hadde fått ny sveis, og at eg er særs nøgd:) Kvifor drøymer eg slike skumle drømmar? Kva tyder dei? Vert eg tvinga til å slutta heilt å sova? Forslag, takk...

3 kommentarer:

Familien Settem sa...

Eg e åg veldig trøtt, og har masse rare drømmar, så kanskje forklaringen e at du e gravid :) Ellers kan du jo hørra med onkel OJ, eg våkne stadig av hans rop i natten... (Til og med Irene våkna av han i påsken, hehe :))

Anonym sa...

ja...eg lurer på om me burde gå for den løysningen at du slutter å sove. i alle fall trapper ned sovinga! trur eg du hadde hatt godt av;)

neida, hehe. sov du. søvn er viktig. søvn er herlig. søvn er godt. søvn er best. søvn er digg. sove sove sove sove.

og mitt nyeste sitat(ja, laget det selv) for å få brukt det teite nynorsk-ordet "svevn":

UTEN SVEVN, INGEN HEVN!! slå den du;)

har btw. fått øyrebetennelse og går på penicilin nå!

mvh mette

Åshild sa...

åå, øyrebettennelse hørtes ikkje særlig godt ud... blir du vekke lenge frå jobb? eg savne deg!har fritime nå, og bør laga lekser t 5. klasse, men det e møje kjekkare å skriva på bloggen:)

"uten svevn, ingen hevn"? kem ska du hevna deg på? meg? ka har eg gjort deg? eg tåre ikkje slå det sitatet, vett aldri om du hevne deg på meg då:P