måndag 10. mars 2008

Kristiansand

For ei herleg helg! Eg elskar å reisa til Kristiansand, alt er det same som før, og eg føler at eg berre har vore borte på ferie. På fredag då eg kom var det rett i selskap for Cecilie, ho har bursdag på torsdag. Så då fekk eg truffe ein del igjen, noko som var veldig kjekt. Eg fekk også truffe Ole Ronny som har vore i Australia i lange tider. Det føltes berre som om me hadde hatt sommarferie, for alt var som før der og. Om ein ser bort frå at håret var forandra:) Jentene samla seg rundt cd-spelaren og mimra om gamle hits medan gutane spela poker.

Laurdag tok Cecilie, Teresie og eg oss ein tur til Sørlandssenteret. Det var ikkje det smartaste eg kunne gjort, det gjekk litt penger der. Men eg ser på det på den måten at det er lenge sidan eg har kjøpt klede. Etter dette fekk eg ein herleg middag av Cecilie og Øystein, så var det klart for MUF. Etter MUF såg me farmen, kan jo ikkje gå glipp av det. Så blei det bare fjasing etter det.

Søndag gjekk med til reise. Eg reiste nokså tidleg frå Kristiansand for eg skulle innom Bjerkreim og sjå på huset til Anette og Tommy. Men dei var ikkje å få tak i, så eg kjørte vidare til neste par. Ingelin og Kutte fekk eg heller ikkje kontakt med, så eg stoppa på Vigrestad og tok nokre bilete av sjøen. Så sette eg turen til Nærbø, kor eg henta Ronja. Der fekk eg vere i lange tider, noko som var særs hyggeleg:)

Bilete kjem seinare, dataen slår seg vrang...

8 kommentarer:

Kurt Inge sa...

Sørgelig det der at du ikke kom innom! Men satser på spillekvel i morgen, da! =) Blir gøy!!!

Anonym sa...

ja,d va ei herlige helg,kjekt å treffa dg igjen åshild=)velkommen på besøk igjen:)

Sondre Olsen sa...

huhei Åshild. Hvor jobber du som lærer nå? Kjøpt leilighet/hus?

Anonym sa...

Halloisen!
Ja du lige å reisa du og? Hehe.. Ja nå sidde eg på balkongen i Puerto Rico (Gran Canaria) med svalande 20 grader kl 2000 om kvelden. Eg komme heim om ei vega, så du får kosa deg i påskeregnet..:)

Åshild sa...

hei sondre! Eg jobbe på Jærtun, kristen friskule. Der e der god gang vettu:) Ellers har eg kjøpt meg leilighet i sommar, så eg har det egentlig veldig greit. Kjekt å endelig ha någe eget...

Gjermund, bare så du vett det så e der sol i dag:P Kos deg i varmen du, sykla t du svime av...:)

Kamaget sa...

alt var ikke som normalt da! Jeg va jo sjuk så du fikk ikke truffet meg!!


skuffende du ikke kom på sykebeøk en gang... elle ringte å spurte om åssen det gikk...

skuffende basert alså

Åshild sa...

hadde kje tid, det gjekk i ett

Kamaget sa...

prioritering!!!