måndag 31. mars 2008

Helga i kortheit

Fredag var eg på besøk hjå Inger Astrid. Ho heiter eigentleg berre Inger, men eg syns ho passar til å heite Astrid, så eg kalla ho det eit halvt år, og no har det berre festa seg i hjernen min. Jaja, det var ikkje det eg skulle skriva om... Eg var på besøk hjå ho og fekk nokre nydelege skuleboller. På torsdag er det min tur til å invitera ho her, då skal me ha forening:)

Laurdag var ingen god dag. Eller dagen var god, det var kvelden som tok på. Eg var på basar i Bjerkreim. Eg blei som vanleg i ekstase når det er basar og tok ein del lodd. Men etter som premiane forsvann ein etter ein, blei eg berre meir og meir lei meg. Me var 4 unge på basaren, og 3 av oss sjekka kvarandre sine lodd for kvart nummer. Her skulle ingenting oversjåast! Me hadde vorte einige om at dersom nokon av oss vann kake eller anna ein kunne eta skulle me dela dette. Men på åresalget var me lika ulukkelege alle mann. Så kom hovedlotteriet. Eg hadde sett meg ut den eiaste brukande gevinsten: ei stålampe. Eg hadde til og med funne ut kvar den skulle stå. Turen kom til lampa og eg sat med tidenes forventning. Me sat på fremste benk, og dei som leste opp vinnarane såg tydeleg at eg ville vinna. Dei såg ned på meg og smila. Eg var sikker. Lampa var mi. "Gjermund Vassbø". Eg kunne ikkje blitt meir skuffa. Ikkje nok med at eg ikkje vann, men det var han på sida av meg som vann lampa. Og han lot det IKKJE gå forbi i stillheit for å seia det slik. Arg.... Men han og Tommy gjorde det godt att (nesten godt att) med å laga nokre herlege pizzaboller:)

Sundag var dagen for kamp. Eg var ein liten tur innom Albert på Klepp før eg tok turen til Viking stadion. Gleden over å vera på kamp att kom då dei spela sangen når spelerane kjem inn, og alle i publikum reiser seg og klappar i takt med den majestetiske songen! Frysningar all over.... Me vann kampen, men jamt over var det ein kjedeleg kamp. Men me vann! Johooo:)

Elles kan eg berre gjera oppmerksam på den nye "spalta" mi: Dagens barnesitat. Dei er henta frå to av Unni Lindell sine bøker, og er heilt konge!

6 kommentarer:

Anonym sa...

Lampå fant sin plass, og den lyse såååå fint..

Åshild sa...

det trur eg kje på... går sikkert sont snart uansett

Familien Stjern sa...

eg og vil på kamp=)

Anonym sa...

basar her i mårå, fredag.
kom heim, vel.
Mamma

Åshild sa...

eg kan kje denne helgå... men du kan jo ta lodd for meg for det. eg vinne jo kje uansett

Liv sa...

Fekk kje med meg det med å kjøpa lodd for deg, men det hadde ikkje hatt någe for seg med min flaks. Eg kom heim med ein Mummitroll DVD, den kan jo bli kjekke som lørdagsunderholdning, og så litt aent mask hadde eg med. men de hadde ikkje stålampe......