onsdag 5. mars 2008

Mas mas mas :)

Etter det heller lite flatterane biletet av meg på sist innlegg, ser eg faren for at eg har mista nokre lesarar. Eg ser og faren for at sjansen for å verta gift og er mindre. Men kva gjer ein ikkje for bloggen?


I dag har eg laga ein skikkeleg husmor-middag. Kjøttkaker i brun saus med kokte poteter og kålstuing, alt laga frå bunnen sjølsagt. Midt oppi dette her, kom naboen på døra. Men han ville berre gje beskjed om at han hadde sluppe inn Ronja. Han hadde sove, og høyrt henne mjaue ute. Så det var jo veldig overraskande at han ikkje tok henne inn til seg sjølv. Kanskje det var fordi ho var klissvåt... Neida, naboen er ein fin fyr han sikkert. Maten smaka forresten heilt fantastisk, eg har åte så mykje at eg ikkje orkar sitje. Nesten som på julafta.

Elles er eg inne i ein "lære meg tekstane til Kaizers utanat"-periode. Eg skal jo på konsert...:)

Neste veke skal eg gå på skøyter med skulen to dagar, det kan jo bli spanande, med tanke på at eg ikkje har gått på skøyter sidan eg var liten. Og dersom evnene mine er like som å gå på ski kan det jo bli to meget flaue dagar... Farvell respekt, velkommen audmjuking!

5 kommentarer:

Anonym sa...

åshild, du er så herlig i snøen! =)

Dessuten må jeg si at du hentet deg fint inn igjen med den gode middagen du hadde laget... Med tanke på sjansen du nevnte for å bli gift.! Bare så det er sagt, så har jeg aldri lagt kjøttkaker fra bunnen... (Rødme, rødme..)

Åshild sa...

skamme seg, ingelin:) Det bør eikvar kvinna kunna... hehehe
neida, eg bare tulle.
klar for ein spelekveld neste vega?

Familien Settem sa...

Hehe, eg må le av den huå!! E så utrulig bra! Huske forresten eg va kjempemisunnelig på dåkke som hadde sånn ei hua når eg va liten. For eg hadde ingen hua med navnet mitt på sånn som du , Ola og Morten :)

Åshild sa...

det besta e jo at den huå e fantastisk behagelige... kanskje litt rart at hu passe ennå, og at eg går med den ennå :) hehehe

Anonym sa...

Jeg er klar!