måndag 29. desember 2008

Benjamin

Eg har jo fått meg nytt syskenbarn for ei stund sidan, men har ikkje lagt ut bilete av han endå, men no har eg vore i barnedåp for nokre veker sidan, og då tok eg mange! Eg var fadder, og er veldig stolt av det! Eg føler at eg er tanta hans, men må nok berre nøya meg med å være syskenbarn:) Trur kanskje det ville blitt forvirring om eg hadde lært han opp til å kalla meg tante Åshild... Kanskje berre meg, men...

Uansett, her er nokre bilete av fadderbarnet mitt, med rosa tutt... Men berre dei to fyrste vekene eller noko då:)


Han og eg har ein alvorleg og djup samtale på det eine biletet. Stolte foreldre med Eivind, som døypte Benjamin. Og på bildet av berre Benjamin må det seiast at eg har kledd han. Naturtalent....

onsdag 24. desember 2008

God Jul!

Han skal vera stor og kallast Son til Den høgste. Herren Gud skal gje han kongsstolen til David, far hans. Han skal vera konge over Jakobs hus til evig tid, og det skal ikkje vera ende på kongedømet hans. Luk 1, 32-33


I dag er det fødd dykk ein frelsar i Davids by. Han er Messias, Herren. Luk. 2, 11
For eit barn er oss født, ein son er oss gjeven. Herreveldet kviler på hans aksler, og han skal kallast: Underfull Rådgjevar, Veldig Gud, Evig Far, Fredsfyrste. Jes 9, 2

onsdag 10. desember 2008

Mens me ventar på jul

Eg hadde min fyrste sjukedag i dag. Vakna med migrene-symptomer, men prøvde likevel å stå opp. Då eg kjende at eg ikkje var i form i det heile tatt, måtte eg berre ringje jobb og sei korleis det var. Eg liker ikkje å ringje slik, men nokon gonger må ein berre. Gå på jobb med hovudverk er jo noko ein klarer, men migrene-symptom er hakket verre. Eg såg ikkje syn på å spy framføre elevane, og det trur heller ikkje elevane hadde satt pris på...

Så no ligg eg i senga mi med sånn ein ting på augo, slik dei har på film når dei skal sova. Berre at det er to hol til augo i denne, og den er fylt med noko kaldt. Har du vondt i hovudetet ofte, må du kjøpe den. Lyset frå dataskjermen er eigentlig meir enn eg orkar, men kva gjer ein ikkje for lesarane sine...? Over og ut