fredag 25. juli 2008

Flinke Åshild

Eg har vore så flink! Baksida av rekkehuset, som eigentleg er hovudinngongen, kunne me nesten kalla for ein jungel, i alle fall eit aboret. Det var så mykje ugrass i singelen at det såg nesten ut som om me prøvde å så plen. Så de kan jo tenkja dykk korleis det såg ut. Nettopp, det gjorde ikkje det, såg ut altså. Så eg fekk ein trang til å gjera noko ettersom me ikkje kan gjera meir i kjellaren på ei stund. Eg ut. Røska opp ugras etter ugras. Og eg tok ikkje berre min del av området, ånei! Eg tok like godt for meg heile baksida, med nokre få unntak. Det skal eg ta seinare.

Som om ikkje dèt var nok. Eg reiste heim tidleg fredag morgon for å sjå etter i drivhuset, slik at mamma og pappa kunne reisa på hyttetur. Og eg er aleine i huset, så eg tok med meg Will and Grace i fare for å keia meg. OG ikkje nok med det! Eg har bada! I sjøen! Greit nok, det er 26 grader ute, og sjøen var pisselunka, men eg er på nippet til å vera like pinglete som pappa når det gjeld bading. Skal helst vere 20 grader i vatnet. Fekk med meg bølgene frå 2 hurtigbåtar på den lille dukkerten eg hadde, så det var jo max utbytte:) No får me berre håpa at det ikkje går like gale som for 2 år sidan når eg skulle passa drivhuset.
Sjå Pannekakehuset for den historia. Overskrifta er BURN!

onsdag 23. juli 2008

Flogefest på Costa del Voll

No er det høgsesong for flogene på Voll. Same kvar ein snur seg er det minst 3 floger. Floger er eit anna ord for byassane sine "fluer", berre så det vart sagt. Det er ikkje berre hjå meg det er floger, nei hjå alle her på Costa del Voll, som me har valgt å kalla sameiet vårt. I går tok Morten (min bror) seg ein tur med flogesmekkaren i ståva, og han fann heile 30 floger og to vepsar. Han samla dei fint i ein haug og ropa Ronja ut til snack-time. Ho glefsa i seg 29 av flogene, då var ho mett...


Elles har eg byrja på å laga rom i kjellaren. Til no held me på med gong og kjellarståve/gjesterom. Til mi store gleda var eit av romma i kjellaren kledd med panel, så då har eg plutseleg eit kontor klart også. Morten gjer det meste av arbeidet, men eg har lært meg å måla 60 cm, skru i skruar på gipsplater og eg har blitt svært god på å bæra ting og halda ting:) Så no gler eg meg til det vert ferdig. Her får de nokre før-bilete, så får de prøva å halda spenninga nede før etter-bileta kjem:)

måndag 14. juli 2008

Kva skal borna heite?

Å finna namn til kattar er nok ikkje mi oppgåve i livet... Eg treng hjelp. Eg er ikkje heilt sikker på kjønn enno, så berre hiv ut så mange forslag du kan. Beste forslaget, etter mi meining, vinn. Katten vert då heitande det til nokon kjem og hentar den eller at nokon evt... hysj...drep dei....

Kun seriøse forslag vert teke opp til vurdering. På førehand takk!

tysdag 8. juli 2008

Kattungane

Ein stk gravid Ronja


Ronja med pusane sine
Ein dag gamle




laurdag 5. juli 2008

Familien har auka!

Endeleg!! No har eg gått her å venta i dagevis, for ikkje å seia vekevis, på at kattungane skal koma. No er dei endeleg her, tre stk. Ronja skreik og bar seg på laurdagskvelden, og føda i fødekassen eg har laga. Ho hadde eigentleg tenkt å føda på ei av buksene mine, men det var eg ikkje heilt einig i, så eg flytta ho. Då kjende eg at vatnet var gått (hvis det gjer det på kattar...?), og inn i fødekassa med ho. Så no er familien auka med.... kor mange prosent? Meg og tal veit de....:)

Eg reknar med at de ikkje vil sjå bilete av den ekle fødekassa, så bilete kjem seinare.