søndag 30. november 2008

O jul med din glede

Eg blei overlukkeleg då eg såg kva julekalederen på TV2 er i år! Endeleg er dei attende!

I tillegg skal jo Asbjørn Brekke ha sin eigen julekalender på TVNorge. Han er jo berre herleg! Eller skal eg seia "bærre lækker..."? Håpar berre ikkje dei to krasjar, då må eg finna på ein reserveplan. Eller finna fram VHS-filmen med The Julekalender, men det er jo ikkje det same...

torsdag 27. november 2008

Chili


Ok, eg skulle laga kyllingsuppe til foreninga i dag. Der skulle det vera chili. Og ikkje berre ein. Neida, 4 stk. Eg var flink jente og hakka alle saman, og passa godt på å ikkje gni meg i augo. Men etter ei stund merka eg ei svak svie på framsida av fingane. Eg tenkte berre at det var varmen frå gryta som svei. Men utover kvelden, var dette uuthaldeleg! Eg måtte sitja med fingrane i kaldt vatn heile kvelden, og det kjennes ut som om du har brent deg enormt på kokande vatn eller liknande. No er det ikkje lenger vondt i heile fingrane, men berre på fingertuppane. Men det svir noko heilt ekstremt!! Eg treng tips til korleis eg kan lindra dette. Korleis skal eg koma meg gjennom natta når det kjennes ut som om at fingrane står i brann? HJELP MEG!

onsdag 26. november 2008

Oj, sjå på det!

Etter ein laaaaang pause, har no skrivekløa tatt meg igjen! Eg har vore på IKT-kurs i Oslo måndag og tysdag denne veka, og då blei eg litt inspirert til å skriva litt meir blogg. Så me gjer eit nytt forsøk på å halda bloggen i live. Mykje mogleg at eg har mista alle lesarane mine, men eg håpar ikkje det.

Mykje har skjedd sidan august, og om du trur eg skal skriva kva som har skjedd, kan du berre tru om att. Det gidd eg ikkje. Men eg kan fortelja om kva eg har gjort i dag/natt. Vakna kl. 03.00, ca, og gjekk på do. Mistanke om matforgifting slo meg. Gjekk og la meg att. Våkna kl. 06.00, ca, og gjekk på do. Igjen. Mistanken om at Rica hotel på Gardermoen har gitt meg mat magen ikkje er van med, blei forsterka. Og slik fortsatte det eigentleg til... ja, no...

Bilen var på EU-kontroll, og som forventa var dedt ting som måtte fiksas. For det meste lys. Dessutan lekk det så mykje vatn inn i bilen, frå kven-veit-kor, at eg snart kan ha basseng i bagasjerommet. Nokon som vil bada? Nei?

Elles er det forening i morgon, og det gler eg meg til! OG, det var nesten som eg gløymde å sei det, eg har begynt på gitarkurs. Korleis det går, blir spanande å sjå...