Morten (min bror) kom heim frå trening i dag og sa: "Eg har fått hjernerystelse eg...Hjärnskakning" Eg trudde han berre tulla så eg tok det ikkje så seriøst. Men så sa han: "eg huske kje kor eg parkerte bilen ein gong. Eg vett kje kem sin bil eg kjørte ein gong." Så begynte moroa. Han visste ikkje kvar han budde, han hugsa ikkje kva som skjedde på trening eller korleis han kom seg frå trening. Han visste kva han heitte, og kva tid han var fødd. Men store deler av veka, månaden og til og med året var heilt blanke.
Etter kvart spurte han om korleis han fekk hjernerystelse, kven son feil det var og korleis han kom seg heim. Eg svara at det skjedde på trening, han datt og slo hovudet, og NEI det var ikkje Håvard sin feil, men hans eigen. Han hadde kjørt heim sjøl. Då lo han berre og sa at han var gal. Så snakka me (les: Morten) litt til og etter 10 min var det i gong med same samtalen. Kor han budde, kva som skjedde, kven sin feil det var og korleis han kom seg heim. Slik haldt det fram i ca ein time....
Så etter ein time begynte han å oppsummere det han hugsa. Men han vart like overraska kvar gong me kom til saken der han hadde kjørt heim etter skada. I tillegg til å oppsummera kva han hugsa, spurte han om han hadde tatt fagbrevet. Eg sa at det hadde han. Han blei like glad kvar gong, fantastisk! Dette haldt fram ca kvrt 10. min i 2 timar. Morten snakka og snakka i eitt sett i 2-3 timar, eg svara ja og nei. Etter kvart forstod han at han hadde spurt om det same fleire gonger for han begynte å unnskylda seg før spørsmåla.
Det løgnaste (mest morosame) var likevel at han gløymde at han hadde starta på ein smågodt-ting. Han la den frå seg, og etter sikkert 10 min spurde eg om han ikkje hadde tenkt å eta opp jordbæret sitt. Han hadde inga aning om at han hadde starta på det.... Det blei ein interessant kveld med mykje speling på munnspel (han oppdaga munnspelet på ny og på ny og spela same songen kvar gong, med kommentaren: ååå, det va likt!! kvar gong....). Biletet av Morten er tatt før han blei psycho, sjølv om det kanskje ikkje ser slikt ut.
Det løgnaste (mest morosame) var likevel at han gløymde at han hadde starta på ein smågodt-ting. Han la den frå seg, og etter sikkert 10 min spurde eg om han ikkje hadde tenkt å eta opp jordbæret sitt. Han hadde inga aning om at han hadde starta på det.... Det blei ein interessant kveld med mykje speling på munnspel (han oppdaga munnspelet på ny og på ny og spela same songen kvar gong, med kommentaren: ååå, det va likt!! kvar gong....). Biletet av Morten er tatt før han blei psycho, sjølv om det kanskje ikkje ser slikt ut.
15 kommentarer:
hehehe stakar!
du sku ha funnet på masse løye og sagt til han, for han ville jo ikke vist om det stemte;)
eg gjor det:)
Hehe, eg ler så eg grine. Tårene sprette, mens eg lengte heim, å glede meg te påskeferie! Men seriøst, han burde jo nesten våre hos legen, hørtes jo ut som han hadde fått seg ein skikkelig knall! Men din framstilling av saken var særs underholdande!
hehehe... jeg må også le her jeg sitter! Så moro! Går det bedre nå, eller?
hehe, ja sygebåden kom så han va jo nere der, og eg vekte han ein gong i timen om nattå. eller eg SKO gjer det, men forsov meg to gonger.... men han leve ennå, så... nå hukse han alt udenom det så skjedde mellom halv 7 og halv 12 på fredag.
Haha, eg leeer!:D
legendarisk. fantastisk. har han blitt bedre eller? hjernerystelse kan virke til å være ganske likt alzheimers. men med mulighet for å bli kvitt det...
j, ein periode der føltes det nesten som alzheimers... men det går møje bedre nå, han e heilt klar og fin i toppen:)
I'm not insane, I'm sane
det hette inzane :P
stakkars! eg hadde våre vettskremt for å ikkje få bror min tbage t normalen! men du k morsomt! Målfrid
Åshild sa...
det hette inzane :P
Nei, det heter insane
så lenge du ikkje seie kem du e, dride eg i ka du seie det hette...:P
eg og ler!!! Stakkar Morten...!
Eg LER!! :D hehe:D
eg har hatt hjernerystelse sjøl
så eg vett kossen d e men eg trur kje
min va liga galen så hans..
off,nei..stakkars morten,bra d
ikkje gjekk verre!
-Åselena
Legg inn en kommentar