søndag 15. mars 2009

Der var me igong igjen!

Åååååååååååå, eg vil på kamp i dag! Eg har så lyst at eg nesten finn nokon tilfeldige på gata og tek dei med, om ingen andre vil vera med då.

Dette er altså ein invitasjon til å vera med meg på kamp i dag. Viking-Odd, seriestart på Viking stadion! Men du må betala billetten sjølv, for det gidd ikkje eg gjer, eg har meir enn nok med min.

Om du vert med kan eg lova deg ei gira, engasjert og hoppande glad jente i Viking-drakt. Åååååå, eg vil høyra den majestetiske songen når spelerane kjem inn, og alle reiser seg og klappar for guttane! Det boblar i meg berre eg tenkjer på å vera på stadion. Koma n, ver med då! Den begynner kl. 18.00, så du må gje meg lyd om du vil vera med før det:)

Snakkest då! HEIA VIKING!!!! Åååååå, eg e gira nå, skulle tru eg var høg... Men dei som kjenner meg, veit at eg berre er 1.65. Hahaha, eg dauer av meg sjølv.... VIKING!
Frå ein vikingsang: "Me klappe, me reise oss å robe i kor! Heia heia viking....."

3 kommentarer:

Familien Nossen sa...

Ååå..du blogge! :-) Sko veldig gjerna vore på kamp :D Men akk så e eg ein dagstur onna så det blir litt vanskelig...

Åshild sa...

eg fekk heldigvis med meg morten og siri, så eg får reisa på kamp:)

Familien Settem sa...

Hurra! Bloggen eksistere ennå. Og Viking vant :D