tysdag 13. januar 2009

Støv på hjernen

Ja, der lurte eg dykk godt, tenkjer eg! Har Åshild fått støv på hjernen? tenkte du nok. Neidå du, eg har ikkje fått det enda, kanskje det kjem med alderen. Ikkje at eg har det så skittent eller rotete, det klarer eg ikkje i lengda. Men å gå så langt å seia at eg har støv på hjernen, er nok ei overdriving... Jaja, nok om det... eg masar meg bort!

Det eg ville, var å spørja om alle mine lesarar og alle deira venner kunne ta et skippertak og hjelpa meg... Sidan eg var liten har eg likt dei norske klassikerane på film. Me snakkar om Sønner av Norge, Lån meg din kone, Stompa, Fjols til fjells, Den forsvundne pølsemaker og sjølvsagt Støv på hjernen. Den har me sett MYKJE heime, berre spør tante! Ola var så "uheldig" at han tok over denne filmen (me hadde tatt den opp frå fjernsynet) med ingenting på. Dette har han angra på i seinare tid då han forstod kor gale det var.

No har eg dreve med litt research for å finne att denne filmen, slik at eg kan få sjå an att. Og eg fann ein artikkel på internett med den gledelege nyheita at: hald deg fast! Støv på hjenen og dei andre klassikerane skal koma på DVD. MEN dette er 4 år sidan, og eg har jamnleg vore inne på nettet og sjekka om den er komen, men nei....

Såååå, det eg treng hjelp til er: Viss alle som les dette kan skriva ein mail til Nordisk Film og spørja om kva tid den kjem, så føler dei kanskje presset og gjev filmane ut?


Om filmen kjem ut ein gong, skal eg invitera alle som vil på filmkveld! Eg lovar! Kanskje ikkje du er like engasjert i denne saka som meg, men det hadde gleda meg stort om du hadde sendt denne mailen. Det er verdt eit forsøk....
Sjå på godjentene då... Du kjem garantert til å lika filmen når du kjem her på filmkveld og ser den.
Og for all del, har du filmen eller kjenner nokon som har han, kan eg godt få låna den. Eller om du kjem over filmen i ein bruktbutikk eller videosjappe, sei frå!!

8 kommentarer:

Anonym sa...

den filmen så jeg litt av på tv i jula.. tenkte på deg da...! Så ikke hele da, for jeg må nok si at jeg ikke deler ditt engasjement fullt ut, men skal skrive den mailen for deg! Håper det virker!

Åshild sa...

du må nok ha sitt an x antall gonger i barndommen for å synas an e skikkelig skikkelig bra! Men an e bra då! Takk for hjelpå, eg håpe og det virke:)

Familien Settem sa...

Haha, eg blei ikkje lurt. Når eg hørre den setningen e det ALLTID filmen eg tenke på :) Bra tiltak, eg ska senda mail self. og eg sko gjerna sitt den på filmkveld med deg! *mimre tebage te vhs-en i stovå dåkkar*

Åshild sa...

husker du dengang i måneskinn....

randi, steken er brent!

mutter'n er knuppen! Alle tiders tjei! Vi stikker bort til Svein, og forteller om stolen!

Vi fløtter i morra!

Eg rekne med du tar alle desse, tante:)

Familien Settem sa...

å, mimre mimre.. eg må le bare eg ser dei sitatå! komme aldri te å glømma når eg begynte på tryggheim, å me hadde ei obligatorisk sangbok der eg plutselig fant "husker du dengang i måneskinn" :)

Åshild sa...

javel, godtfolk! då har eg den store gleden av å informera om at eg har fått LÅNA filmen frå sandnes folkebibliotek! Alle e hjertelig velkommen i mårå, søsknene Østebø samles i alle fall:)
tante du sko definitivt tatt turen! Men spør på ditt lokale bibliotek, kanskje finne du an der:) det gjelde dåkke alle:)

Familien Settem sa...

Haha, eg må le! Utrulig bra at du har fått tak i den! Så får Ola gnidd inn kor ille det va at han tok øve den filmen med INGENTING!

Anonym sa...

Så gøy at du og digger den filmen Åshild! E bare elsker den:) Mette og e benka oss foran tven når den gikk 1. juledag. Har og minner fra den i barndommen ja. Får håpe den kommer på dvd snart, har lett etter den lenge, har ikke funnet den på biblioteket i Krsand..