Er det fleire enn meg som ikkje er overbegeistra for Riks TV? Kvar gong eg ska sjå noko på fjernsyn skurrar signalet. Og det skal ikkje meir til enn at det kanskje bles bitte bitte litt i Bjerkreim for at heile driten dett ut. I dag skulle eg sjå fotball extra, men boksen bestemte seg for å streike. Trur fleire er einige med meg i at Riks TV ikkje akkurat treng å få Oppfinnarprisen, om det finst noko slik... Nei, det blir nok parabol om ikkje lenge. Are you with me?
søndag 22. mars 2009
søndag 15. mars 2009
Der var me igong igjen!
Åååååååååååå, eg vil på kamp i dag! Eg har så lyst at eg nesten finn nokon tilfeldige på gata og tek dei med, om ingen andre vil vera med då.
søndag 1. mars 2009
Nei...
Nei, eg gir opp dette.... Dette vert siste innlegg. Eg får jo ikkje oppdatert, så det er ikkje vits i... Sånn, då var den avgjeringa teken. Over og ut....
laurdag 14. februar 2009
Happy (jalla) Valentines Day
Ja, valentines day er jalla. I alle fall når ein er singel. Eller ikkje har noko som helst på gong. SÅ veit dykk det... Eg vil hata valentines day til eg får meg type. La oss ikkje ta alle merkedagar og drit frå USA... hehe
Lenge sidan eg har oppdatert no, beklager at det blei eit negativt innlegg. Har nokre andre innlegg på lur, og dei er mykje meir positivt vinkla. Så hald ut:)
tysdag 13. januar 2009
Støv på hjernen
Ja, der lurte eg dykk godt, tenkjer eg! Har Åshild fått støv på hjernen? tenkte du nok. Neidå du, eg har ikkje fått det enda, kanskje det kjem med alderen. Ikkje at eg har det så skittent eller rotete, det klarer eg ikkje i lengda. Men å gå så langt å seia at eg har støv på hjernen, er nok ei overdriving... Jaja, nok om det... eg masar meg bort!

måndag 5. januar 2009
Onsdag er ingen gledens dag, berre så de veit det...
Me har to døger att saman. To døger med "kos" og samvær. Men så er det slutt...
torsdag 1. januar 2009
Godt nyttår!
Då var det nytt år, nye moglegheiter. Er det no me skal tenkja over kva fjoråret gav oss? There's no time like the present, har eg høyrt. Same med at me legg fortida bak oss, lat oss heller tenkja framover. Korleis kan me få 2009 til å bli et godt år? Tenk på det du, heller :)