onsdag 26. november 2008

Oj, sjå på det!

Etter ein laaaaang pause, har no skrivekløa tatt meg igjen! Eg har vore på IKT-kurs i Oslo måndag og tysdag denne veka, og då blei eg litt inspirert til å skriva litt meir blogg. Så me gjer eit nytt forsøk på å halda bloggen i live. Mykje mogleg at eg har mista alle lesarane mine, men eg håpar ikkje det.

Mykje har skjedd sidan august, og om du trur eg skal skriva kva som har skjedd, kan du berre tru om att. Det gidd eg ikkje. Men eg kan fortelja om kva eg har gjort i dag/natt. Vakna kl. 03.00, ca, og gjekk på do. Mistanke om matforgifting slo meg. Gjekk og la meg att. Våkna kl. 06.00, ca, og gjekk på do. Igjen. Mistanken om at Rica hotel på Gardermoen har gitt meg mat magen ikkje er van med, blei forsterka. Og slik fortsatte det eigentleg til... ja, no...

Bilen var på EU-kontroll, og som forventa var dedt ting som måtte fiksas. For det meste lys. Dessutan lekk det så mykje vatn inn i bilen, frå kven-veit-kor, at eg snart kan ha basseng i bagasjerommet. Nokon som vil bada? Nei?

Elles er det forening i morgon, og det gler eg meg til! OG, det var nesten som eg gløymde å sei det, eg har begynt på gitarkurs. Korleis det går, blir spanande å sjå...

5 kommentarer:

Liv sa...

Uff då, koss går det magen din nå då? Det hørres ikkje kjekt ut..
De gjer imidlertid gitarkurset, Lykke til!

Åshild sa...

eg trur kje eg ska beskriva i detalj koss det går med magen, men eg bruge ein del tid på do, kan du sei...

kanskje eg kan spela gitar t julasangane i år? eller ikkje...

Anonym sa...

nemmen Åshild då... eg har ein mistanke om at mageproblemer kan komme av stress i forhold til jobb...kanskje det skal nevnes på medarbeidersamtalen?(som sikkert snart skal avvikles i all hast før jul)
savner deg og alle på jærtun!!

Familien Nossen sa...

Uffdå! God bedring! Gitarkurs var kult då.. eg tenkte å øva mykje nå når eg skal ha permisjon.. :-) Lykke te med øvinga!
PS! Kjekt du bloggar igjen ;)

Familien Settem sa...

Der va det liv i bloggen igjen :) Bra tiltak! Og god bedring...!