torsdag 27. november 2008

Chili


Ok, eg skulle laga kyllingsuppe til foreninga i dag. Der skulle det vera chili. Og ikkje berre ein. Neida, 4 stk. Eg var flink jente og hakka alle saman, og passa godt på å ikkje gni meg i augo. Men etter ei stund merka eg ei svak svie på framsida av fingane. Eg tenkte berre at det var varmen frå gryta som svei. Men utover kvelden, var dette uuthaldeleg! Eg måtte sitja med fingrane i kaldt vatn heile kvelden, og det kjennes ut som om du har brent deg enormt på kokande vatn eller liknande. No er det ikkje lenger vondt i heile fingrane, men berre på fingertuppane. Men det svir noko heilt ekstremt!! Eg treng tips til korleis eg kan lindra dette. Korleis skal eg koma meg gjennom natta når det kjennes ut som om at fingrane står i brann? HJELP MEG!

3 kommentarer:

Familien Settem sa...

Off, det der hørtes ikkje godt ut. Håbe det gjekk øve? Du sko hatt Dr. Doogie vettu ;)

Åshild sa...

hehehe, dr.doogie kan nok alt om det ja:)
Det gjekk heldigvis øve, men eg la meg med fingrane i vatn, og rett før eg sovna satte eg desilitermålet på golvet:)

Ingelin S sa...

oioioi! Dette hørtes fryktelig kjent ut! Jeg gjorde akkurat det samme en gang! Og nøyaktig det samme skjedde med mine hender. Jeg hadde aldri vært borti lignende, og visste ikke at dette var vanlig, men nå ser jeg jo at du også har opplevd det samme. Det er akkurat som om chilien trenger seg langt inn i blodårer og celler og vev og alt det der inn i hendene... Så svir det jo noe helt grasat! Nei, takke seg til! Neste gang bør du nok bruke hansker...! Eller så pleier jeg å la være å stikke fingrene i chilien... Bare bruke kniven.