onsdag 13. august 2008

Frustrasjonen brer seg

Sukk, altså!

Kattungar er ikkje berre lett skal eg seia deg (du som evt. måtte lesa dette). Dei høpp og spring og går og (ikkje minst) tiss over alt! Eg er møkklei av å passa på at dører er lukka og at dei kjem seg på do. Det er ikkje noko særleg å tørka opp kattetiss kvar dag. Ikkje luktar det spesielt godt heller... Så no kjenner eg at Ronja definitivt skal steriliseras, kosta kva det kosta vil. Når eg kom heim i dag måtte eg rett og slett berre ta vaskebøtta fram og vaska heile leiligheten, for andre gong på ei veke... Og ikkje nok med det: Ronja drog inn ein LEVANDE fugl i dag. Eg høyrde plutseleg vingeslag og fugleskrik inne, og fann ut at det var under senga. Eg blei rett og slett så redd (veit ikkje for kva eller kvifor, men...) at eg berre måtte springja inn i ståva og lukka døra etter meg. Men så måtte eg berre ta mot til meg og få fuglen ut sjølv, og eg var veldig flink som klarte det.

Elles begynte eg på jobb att denne veka. Det er ikkje frustrerande, eigentleg ganske kjekt. Men det var nokså tungt å stå opp "midt på natta" etter ein god og lang ferie. Så i staden for å bråvakna kl. 07.00, som eg hadde stilt vekkjarklokka på, vakna eg like så greit 04.30. Aaaaah, utkvilt... Fekk ikkje sova lenger heller, så då låg eg berre i senga og slappa av til klokka blei 07.10 ca. I dag har eg rydda til pultar i klasserommet, fått meg kateter (jippi!!), funne fram bøkene til elevane og lagt planar for korleis eg vil ha det. Eg gleder meg!

Men ein annan ting som skapar litt frustrasjon i sinnet mitt, er TV-benken min. Kjøpte i går, satte isaman, men så.... NEI! Korkje (hehe) DVD/VHS spelaren eller forsterkaren min passa inn i hyllene. Urutinert av meg å ikkje tenkja på det, men ARG så irritert eg vart då eg fann ut at det ikkje gjekk. Høgtalarane passa heller ikkje inn i hyllene! Men det var for så vidt greit, eg skulle jo ha dei på sida av fjernsynet. MEN i og med at spelaren og forsterkaren ikkje passa, må dei stå på sida av fjernsynet! Kva er det Donald seier når han vert skikkeleg sint? Aaaarrrrrggggg?

Takk og pris for småbrør med sag, seier eg berre...

4 kommentarer:

Liv sa...

Pappa lure fælt ka fugl det var som ble så maltrakterte der ute på Vodl.

Ellers så syns eg det hørres fornuftigt ut med den planen om sterilisering. Men du må skynta deg før Ronja e i gong igjen.....

Godt å vær i gong igjen?
Eg begyne i mårå, syns det hørres litt halvnifst ut!

Kurt Inge sa...

hehe, eg ane kje ka fugl det va, ein brune med spisst nebb:P

koss va det å begynna på jobb? eg syns det va nokså stritt, men kjekt og

Åshild sa...

den sko vær frå meg den øverste, ingelin har bare lånt dataen min...

Marte Gard Ullenes sa...

Vil bare gi beskje om at eg fremdeles lese bloggen din, å at eg syns de e ganske kjekt!