fredag 25. juli 2008

Flinke Åshild

Eg har vore så flink! Baksida av rekkehuset, som eigentleg er hovudinngongen, kunne me nesten kalla for ein jungel, i alle fall eit aboret. Det var så mykje ugrass i singelen at det såg nesten ut som om me prøvde å så plen. Så de kan jo tenkja dykk korleis det såg ut. Nettopp, det gjorde ikkje det, såg ut altså. Så eg fekk ein trang til å gjera noko ettersom me ikkje kan gjera meir i kjellaren på ei stund. Eg ut. Røska opp ugras etter ugras. Og eg tok ikkje berre min del av området, ånei! Eg tok like godt for meg heile baksida, med nokre få unntak. Det skal eg ta seinare.

Som om ikkje dèt var nok. Eg reiste heim tidleg fredag morgon for å sjå etter i drivhuset, slik at mamma og pappa kunne reisa på hyttetur. Og eg er aleine i huset, så eg tok med meg Will and Grace i fare for å keia meg. OG ikkje nok med det! Eg har bada! I sjøen! Greit nok, det er 26 grader ute, og sjøen var pisselunka, men eg er på nippet til å vera like pinglete som pappa når det gjeld bading. Skal helst vere 20 grader i vatnet. Fekk med meg bølgene frå 2 hurtigbåtar på den lille dukkerten eg hadde, så det var jo max utbytte:) No får me berre håpa at det ikkje går like gale som for 2 år sidan når eg skulle passa drivhuset.
Sjå Pannekakehuset for den historia. Overskrifta er BURN!

3 kommentarer:

Anonym sa...

du e flinke! bra jobba! :)

eg kom på at eg har visst glømmt å henta stolane.. hehe. eg har rett og slett glømt d heilt ut.

Åshild sa...

takk takk:) stolane e ikkje i veien, så det gjer ingenting om de står her:) bare hent de når du komme på det og har tid, ingen hast...

Familien Settem sa...

Eg e imponert øve din lukeaksjon! Her e der dugnad i borettslaget m i kveld, men eg ska på seinvakt og kan desverre ikkje... :)Koss går det m tomatene? Gjort någen bommert i år? Godt at mor og far e på ferie, så sleppe far å bekymra seg. Men du vett "hu e flinke u Åshild, ja HU e flinke altså" :)