torsdag 1. mai 2008

Travel dag

I går når eg skulle køyra til jobb stod katten bak bilen. Eg må ryggja ut av innkjørselen og hadde dårleg tid, så eg satsa på at ho sprang vekk då eg starta bilen. Når eg så hadde kome meg ut av innkjørselen utan å køyra på Ronja tenkte eg at det var rart eg ikkje hadde sett ho nokon plass etter eg sette meg inn i bilen. Men eg hadde som sagt dårleg tid til jobb, noko som for så vidt ikkje er uvanleg. På tysdagar er det eg som har vakt ute før skulen begynte. Eg skulle akkurat til å ringja inn då det kom ein elev bort til meg og sa at, lat oss kalla han Jens, ikkje fekk pusta. Min største frykt: fyrst til ulukkesstaden. Men eg måtte berre ta meg saman og fann ut an "Jens" pusta og hadde det fint. Han hadde dotte (?) av dissa og slått ut pusten. På veg inn spurde ein kollega, ved namn Mette, meg om korleis Ronja såg ut. Eg sa som sant er, svart med kvite sokkar. "Då trur eg kanskje ho er her", sa Mette.

Ho og ei anna hadde sett ein katt som var identisk med Ronja gå rundt og rundt bilen min i ein halv time. Ho hadde "knegt" (kjem ikkje på betre uttrykk) seg inntil bilen min, og alt tyda på at det var Ronja. Me kom fram til at ho måtte ha fylgt med bilen frå Voll til Bryne, det skjer ofte med kattar. Eg engasjerte klassen i den mystiske gåta, noko som ikkje var veldig vanskeleg. Alt eg sa var at eg trudde katten min hadde fylgt med i bilen, og at me no ikkje kunne finna henne. Eg var ute fleire gonger i løpet av dagen og leita etter henne. Eg sette ut mat og jakken min, men ingen Ronja.

I løpet av dagen kom det fleire "tips" om folk som hadde sett katten. Ho hadde vorte jaga av ein hund, ho hadde bite hovudet av ein fugl på naboskulen, ho hadde hoppa over gjerdet, og det var ikkje måte på alt ho hadde gjort. Eg innsåg at store delar av skulen var no engasjerte i katte-mysteriet. Då Ronja endå ikkje hadde dukka opp kl 4, og etter uttallige leiteaksjonar i området, måtte eg berre køyra heim att. Eg innsåg at den katten var long gone, dett var dett. 5 månadar var det eg fekk med katten. Jaja, tenkte eg, det er berre ein katt.

Eg kom heim, såg under bilen for det var ein lyd der. Mens eg står og ser under bilen, kjenner eg noko som stryk seg inntil beinet mitt og mjauar på ekte Ronja-vis. Og jammen er det ikkje ho som står der! Eg trudde ikkje det gjekk an å verta så glad for å sjå att ein katt, men det velta altså ei slik stor glede over meg at det kan ikkje forklarast. Om ho var med til Jærtun og så attende, veit eg ikkje, men det hadde jo vore vedig morosamt om det var det som var tilfellet...

Elles var eg kamp på måndag og har aldri før opplevd makan til engasjement i publikum. Samtlege var meget engasjerte, og det var ein helt fantastisk kamp å vera på, sjølv om me tapa.

5 kommentarer:

Liv sa...

Ja, nok ein gong ser me at du kan den kunsten å engasjera, denne gongen fekk du heile skulen med deg:) Kjekt at du og Ronja fant kvarandre til slutt, mjau! Du har vel sett fram tunfisken nå....

Åshild sa...

nei, den der seien ligge i fryså ennå, så någen tunfisk komme ikkje med det fyssta. Hu hadde jo hatt ein heilt vanlige dag her på voll, det va heller eg så burde fått ein bedre middag:)

Kamaget sa...

hvordan hadde den kommet til Jærtun? :hang den fast i bilen ? satt den på bagasjelokket? satt den på taket? holdt den seg fast i døra? løpte den?

eller hadde den ligget stille og fredlig utenfor heimen og ventet på matmor sku kome heim?

Hadde vært gaske gøy å funnet ut hva katten gjør mens du er på jobb... svirre litt rundt der, snuser litt der hopper etter ett insekt der, tror den ser en mus og lusker rundt ett hull der... sett opp ett kamera neste gang ;)

Åshild sa...

ikkje vett eg koss de klara å komma med bilar, men det har skjedd før. Eg tippe hu lege med alle vennene sine her, krele av kattar... så håpe eg hu ede litt muser og fuglar og e skikkelig katt ikkje bare sånn pinglekatt

Familien Stjern sa...

eg forstår godt at du blei gla for å se ronja igjen eg=)kan kje ver någe kjekt å mista ett "familiemedlem" på den måten...futti...va bra hu venta på dg heima vertfall:)