laurdag 3. mai 2008

Pastabakeriet du liksom

På onsdag var eg og Mette på Pastabakeriet på Bryne. Sist gong me var der hadde me eit heilt greit inntrykk av plassen. Me var ikkje heilt nøgde med at dei var utselde for den retten me ville ha, og heller ikkje andrevalet til Mette, men heilheitsinntrykket var bra. Me skulle då gi Pastabakeriet ein ny sjanse på onsdag. Den "faste" plassen var oppteken så me fekk ein dårleg start. Minutta etter skulle visa seg å vera like dårlege.

Me hadde bestemt oss, no skulle me prøva den retten dei ikkje hadde sist. Bort til skranken. Nei, dei hadde ikkje spaghetti med kjøttboller. Neivei, då tek me Carbonara. Nei, den hadde dei heller ikkje. NEIVEL, då må me sjå på menyen ein gong til. Kva i all verda er semitørka tomater? Jo, det var soltørka tomater. Jamen, så skriv det då.... Sukk! Greit, eg skulle ha kyllingfilet med SEMItørka tomater, Mette pizza.

Alle fine inntrykk me hadde hatt før var no borte. Det var altfor varmt der me sat. Ein mann bråka utanfor. Maten var ikkje heimelaga (kvifor kalle det eit BAKERI når dei ikkje bakar noko der, berre hiv det i mikroen?). Det var dyrt der. Glasa var for små. Kyllingfileten var 4 små betar med kylling. Semitørka tomater var to cherrytomater til saman som var steikte. Pizzaen var ikkje god. Ein av to dessertar hadde dei heller ikkje.

På døra til Pastabakeriet burde det stått: I dag har me fygjande rettar: Pizza Margarita og Kyllingfilet med semitørka tomater, OG DET ER ALT.

Så dersom du likar å eta ferdigmat på restaurant og med særs lite utval er Pastabakeriet noko for deg. For alle dykk andre: Styr unna denne fæle, fæle plassen. Eg har med dette kome med ein omvendt anbefaling.

3 kommentarer:

Familien Settem sa...

Eg må le! Hørres ut som ein jallaplass spør du meg. carbonara e jo ikkje den mest uvanlige pastaretten heller, så det burde di jo hatt. Særs underholdande anmelding :)

Anonym sa...

takk for opplysningen! Da skal jeg ikke gå dit! =)

P.S. Du har skrevet "pastabakeriet du liSKom"

Marte Gard Ullenes sa...

Kvar gong eg lese bloggen din må eg le - du skrive så løye. Kjekt at du fortsatte!