onsdag 7. mai 2008

Kurs er sunt, året rundt

Kurs, altså! Hæ? Det er jo heilt fantastisk. Eg var på kurs i dag, norskkurs for lærarar i 1.-4.-klasse. Kurset skulle haldast på Quality Hotel Sola, berre det var flott for meg. Då må kom stod det tre esker på kvar plass. Oppi dei var det nye bøker, til odel og eige. 8 bøker til saman, alle lærebøker. Kurshaldaren var sjølvsagt forfattaren av denne boka, kjendis ooo:)

I pausen hadde me tilgong på kaffi og tevatn. Eg valde tevatn med kakao i. Så tok eg med meg ei appelsin. Dette var gratis. Så var det tid for lunsj etter ei stund. Eg hadde høyrt rykter om at me skulle FÅ mat, men var ikkje heilt sikker. Så eg forventa det verste, men håpa på det beste. Og lunsj fekk me! Og eg skal seia det var god mat, alt du kan tenkja deg kunne me velga i. Og det beste av alt, det var gratis:) Eg hadde også fått snusen i at det var både popcorn og softis på hotellet. Og ein kunne berre forsyna seg... Dette var jo heilt utruleg, så mykje ting heilt gratis! Det er over min forstand...

No skal eg lesa i bøkene eg har fått og skikkelig kosa meg! Så skal eg gripa sjansen til å gå på kurs framover! Eg som trudde at kurs var kjedeleg...

2 kommentarer:

Liv sa...

Det e det eg alltid har sagt, kurs e kjekt!
Men ikkje bare for maten, altså, det e kjekt med avveksling.

Åsså fekk du jo så fine bøker!!

Åshild sa...

nedtur... bøkene skulle visst skulen ha:(