Eg er tom. Eg har ingenting å skriva om, og eg begynner å lura på om det var ein feil å oppretta min eigen blogg. Det skjer jo ikkje akkurat så veldig mykje spanande frå dag til dag. Eg har heller ikkje dei store tankane om alle slags ting... Så eg går med dette inn i tenkeboksen, og prøvar å finna på noko å skriva om. Eller om eg evt skal skriva meir i det heile...
laurdag 26. april 2008
torsdag 17. april 2008
100 ting du burde irritere deg over før du dauer
Dette er ei fantastisk bok, skriven av Steinar Sagen. Han har sitt eige program på P3 (Radioresepsjonen) og har hatt fleire seriar på NRK. Han gav ut denne boka for ei god stund sidan, og eg ler kvar gong eg les i ho. Men så kom eg til eit punkt:
søndag 13. april 2008
Oppdatering
Eg veit eigentleg ikkje heilt kva eg skal skriva om, for det har ikkje skjedd så veldig mykje spanande sidan sist.
Eg har hatt besøk av Ola i helga, det var jo kjekt. Me gjekk innom ei bruktbu for å sjå etter billege godbitar (filmar), men det var heller dårleg. Me hadde ein herleg middag på Pizza og Burger Companiet, nam nam. Morten tok også turen og me såg ein film. Laurdag lokka Kvadrat. Eg diska opp med kylling og fløytegratinerte poteter til middag, så tok me turen til Morten for å sjå Farmen-finalen. Hurra for Silje! Det kom ikkje som ei bombe. Sundag kjørte eg Ola til Mekjarvik og gjekk så ein lang tur, nesten til Klepp! Enkelte meiner at det tek ein halvtime å KØYRA til Klepp, så du kan berre tenkja deg kor lang tid det tok å gå! Nå ventar eg på Inger. Me skal sjå film (ja, eg har mange filmar eg må sjå...) og eta vafler. Med heimelaga syltetøy. Nam nam...
Elles ligg Vinking under akkurat no, det er jo ikkje fullt så kjekt, men i ekte Viking-ånd kjem det vel eit mål snart. Gjer ofte det når dei ligg under 1-0... Ronja har kanskje ungar i magen sin. Følg med i neste episode av det spanande livet til familien Åshild Østebø på Voll!
onsdag 9. april 2008
Kjærastepar, kjærastepar, gifta seg i eit badekar!
Rekk opp handa alle dei som har sett Farmen utan å bli provosert av desse to? Eg meiner, greit dei har eit nært forhold, men det får då vera grenser! Kven har ikkje irritert seg over kor leis dei sit og beundrar kvarandre under intervju? Sitja slik å studera kvarandre sine skuldre og fjes i timavis... Nei, takka meg til...
søndag 6. april 2008
Utviklingssamtalar
Neste veke skal me ha foreldresamtalar att. Det tek like mykje på kvar gong. No er det ikkje så lenge sidan me hadde samtalar sist, så det er ikkje så mykje nytt å finna på. Slike samtalar krev enormt med forarbeid, og det tek mykje tid. I morgon skal eg vera på skulen frå halv 7-7 til halv 7-7 på kvelden. Og slik held det fram i tre dagar. Då er ein temmeleg pumpa når ein kjem heim, skal eg seia deg. Men på den andre sida er desse samtalane gull verdt. Her får ein moglegheit til å snakka med eleven ein og ein om alt. Det får ein ikkje tid til i løpet av ein vanleg dag. Me kan snakka om kva som er lett, kva som er vanskeleg, om eleven har det fint på skulen og kva ein skal jobba med.
Så om eg ikkje oppdaterar bloggen min før torsdag, kanskje til og med fredag er det grunnen. Torsdag skal eg til Egersund på konsert med Calvin Bridges, og eg GLEDAR meg:)
torsdag 3. april 2008
I wish
No er det ikkje lenge til bursdagen min. Dette er det eg ynskjer meg: Konsert med denne mannen
