Fredag var eg på besøk hjå Inger Astrid. Ho heiter eigentleg berre Inger, men eg syns ho passar til å heite Astrid, så eg kalla ho det eit halvt år, og no har det berre festa seg i hjernen min. Jaja, det var ikkje det eg skulle skriva om... Eg var på besøk hjå ho og fekk nokre nydelege skuleboller. På torsdag er det min tur til å invitera ho her, då skal me ha forening:)
Laurdag var ingen god dag. Eller dagen var god, det var kvelden som tok på. Eg var på basar i Bjerkreim. Eg blei som vanleg i ekstase når det er basar og tok ein del lodd. Men etter som premiane forsvann ein etter ein, blei eg berre meir og meir lei meg. Me var 4 unge på basaren, og 3 av oss sjekka kvarandre sine lodd for kvart nummer. Her skulle ingenting oversjåast! Me hadde vorte einige om at dersom nokon av oss vann kake eller anna ein kunne eta skulle me dela dette. Men på åresalget var me lika ulukkelege alle mann. Så kom hovedlotteriet. Eg hadde sett meg ut den eiaste brukande gevinsten: ei stålampe. Eg hadde til og med funne ut kvar den skulle stå. Turen kom til lampa og eg sat med tidenes forventning. Me sat på fremste benk, og dei som leste opp vinnarane såg tydeleg at eg ville vinna. Dei såg ned på meg og smila. Eg var sikker. Lampa var mi. "Gjermund Vassbø". Eg kunne ikkje blitt meir skuffa. Ikkje nok med at eg ikkje vann, men det var han på sida av meg som vann lampa. Og han lot det IKKJE gå forbi i stillheit for å seia det slik. Arg.... Men han og Tommy gjorde det godt att (nesten godt att) med å laga nokre herlege pizzaboller:)
Sundag var dagen for kamp. Eg var ein liten tur innom Albert på Klepp før eg tok turen til Viking stadion. Gleden over å vera på kamp att kom då dei spela sangen når spelerane kjem inn, og alle i publikum reiser seg og klappar i takt med den majestetiske songen! Frysningar all over.... Me vann kampen, men jamt over var det ein kjedeleg kamp. Men me vann! Johooo:)
Elles kan eg berre gjera oppmerksam på den nye "spalta" mi: Dagens barnesitat. Dei er henta frå to av Unni Lindell sine bøker, og er heilt konge!
måndag 31. mars 2008
Helga i kortheit
fredag 28. mars 2008
Kva tyder det?
No for tida er eg frykteleg trøytt. Eg søv etter jobb kvar dag, og helst lenge. Eg trur overgangen mellom ferie og jobb vart for stor. Men poenget er at eg drøymer så ekkelt. I kvar draum vert eg jaga, jakta på, stengd inne eller noko anna skummelt. Ein dag drøymde eg at eg blei kidnappa og haldt som fange inne i huset til ei venninne. (Trur det med huset var tilfeldig.) Me kunne ikkje gå ut, for mordarane kunne komme kva tid som helst, og då fekk me svi. Eg gjekk ut på alltanen ein gong for å henta Ronja, Det ende med at Ronja vart hiven ned trappa og liggja livlaus att. Eg vaknar opp heilt varm etter draumen, og eg skjønar ikkje kvifor eg drøymer dette. Nokon seier det er ein grunn til at ein drøymer det ein drøymer. Kan det ha noko med at eg har fått ny sveis? Neida berre tulla, måtte berre smyga inn ein plass at eg hadde fått ny sveis, og at eg er særs nøgd:) Kvifor drøymer eg slike skumle drømmar? Kva tyder dei? Vert eg tvinga til å slutta heilt å sova? Forslag, takk...
søndag 23. mars 2008
Onkel held ord
I vår lova onkelen min meg at dersom Viking vann ein kamp som var svært viktig for Brann (han e Brann-supportar) skulle han bada i sjøen i jula. Han blei sjuk (eller "sjuk"?) i jula, så badinga måtte utsetjas til påsken. Så dagen etter dei kom heim, fekk eg melding om at han var klar til å bada. Onsdag kl 17.00 var det action. Han var svært sporty og hoppa ut på djupa der det er kaldast. Han sang til og med Viking-sangen "Det ska vær kvitt, det ska vær blått". Det han fekk fram i alle fall. Alle veit vel korleis det er å snakka i kaldt vatn. Takk, Ola Johan for at du held ord:)
laurdag 22. mars 2008
Kaizers!
Eg har vore på Kaizer Orchestra i ferien. For ein herleg konsert! Masse kjekke, gamle songar, stå som sild i tønner, gratis vatn, stå heilt framme, kan det bli betre. Eg lar bileta tale sin sak, som bevis på at eg var der. Heidi fekk den eine trommestikka til Kaizers. Eg vart berre litt misunneleg. Bileta er berre teke med mobilkamera, og folk pressa verre, så kvaliteten er ikkje den beste.
fredag 14. mars 2008
Det har klikka for Morten
Morten (min bror) kom heim frå trening i dag og sa: "Eg har fått hjernerystelse eg...Hjärnskakning" Eg trudde han berre tulla så eg tok det ikkje så seriøst. Men så sa han: "eg huske kje kor eg parkerte bilen ein gong. Eg vett kje kem sin bil eg kjørte ein gong." Så begynte moroa. Han visste ikkje kvar han budde, han hugsa ikkje kva som skjedde på trening eller korleis han kom seg frå trening. Han visste kva han heitte, og kva tid han var fødd. Men store deler av veka, månaden og til og med året var heilt blanke.
Det løgnaste (mest morosame) var likevel at han gløymde at han hadde starta på ein smågodt-ting. Han la den frå seg, og etter sikkert 10 min spurde eg om han ikkje hadde tenkt å eta opp jordbæret sitt. Han hadde inga aning om at han hadde starta på det.... Det blei ein interessant kveld med mykje speling på munnspel (han oppdaga munnspelet på ny og på ny og spela same songen kvar gong, med kommentaren: ååå, det va likt!! kvar gong....). Biletet av Morten er tatt før han blei psycho, sjølv om det kanskje ikkje ser slikt ut.
tysdag 11. mars 2008
måndag 10. mars 2008
Kristiansand
For ei herleg helg! Eg elskar å reisa til Kristiansand, alt er det same som før, og eg føler at eg berre har vore borte på ferie. På fredag då eg kom var det rett i selskap for Cecilie, ho har bursdag på torsdag. Så då fekk eg truffe ein del igjen, noko som var veldig kjekt. Eg fekk også truffe Ole Ronny som har vore i Australia i lange tider. Det føltes berre som om me hadde hatt sommarferie, for alt var som før der og. Om ein ser bort frå at håret var forandra:) Jentene samla seg rundt cd-spelaren og mimra om gamle hits medan gutane spela poker.
Laurdag tok Cecilie, Teresie og eg oss ein tur til Sørlandssenteret. Det var ikkje det smartaste eg kunne gjort, det gjekk litt penger der. Men eg ser på det på den måten at det er lenge sidan eg har kjøpt klede. Etter dette fekk eg ein herleg middag av Cecilie og Øystein, så var det klart for MUF. Etter MUF såg me farmen, kan jo ikkje gå glipp av det. Så blei det bare fjasing etter det.
Søndag gjekk med til reise. Eg reiste nokså tidleg frå Kristiansand for eg skulle innom Bjerkreim og sjå på huset til Anette og Tommy. Men dei var ikkje å få tak i, så eg kjørte vidare til neste par. Ingelin og Kutte fekk eg heller ikkje kontakt med, så eg stoppa på Vigrestad og tok nokre bilete av sjøen. Så sette eg turen til Nærbø, kor eg henta Ronja. Der fekk eg vere i lange tider, noko som var særs hyggeleg:)
Bilete kjem seinare, dataen slår seg vrang...
torsdag 6. mars 2008
Helg

onsdag 5. mars 2008
Mas mas mas :)
Etter det heller lite flatterane biletet av meg på sist innlegg, ser eg faren for at eg har mista nokre lesarar. Eg ser og faren for at sjansen for å verta gift og er mindre. Men kva gjer ein ikkje for bloggen?
tysdag 4. mars 2008
Immunsystemet
Eg har tidlegare hatt eit perfekt immunforsvar. Aldri sjuk sjølv om alle ligg som floger (fluer). Eg var frisk og rask, med godt mot. Ingen bakteriar beit på meg, ikkje e-coli, ikkje fugleinfluensa, ja ikkje eingong vanleg influensa kom seg gjennom mitt beintøffe immunforsvar.