søndag 29. juni 2008

Update


No har eg vore treg med oppdateringane, eg veit det.... Men det har skjedd så mykje denne veka, travelt med ferie!

Fredag fekk eg besøk av Hilde, ho skulle vera heile helga og eg gleda meg stort til besøket. Me hadde ein tur i byen og på kvadrat. Me fann ut at me ville sjå film på kvelden, og skal ein sjå film, må ein ha snop. Hilde fekk sightseeing på Klepp, og ikkje minst Borestranda. Ho foreslo at me berre skulle kjenna om vatnet var iskaldt så det gjorde me. Vatnet var ikkje så gale etter ei stund, og eg vassa lenger og lenger ut med bølgene. Det endte som det måtte: me var kliss våte frå topp til tå, og kleda er ennå ikkje turre. No forstår eg mamma sin frustrasjon då eg kom heim med våte klede kvar dag på ungd.skulen ein periode... Tips: sånn nettbank-brikke med kode tåler ikkje vatn, så veit du det....

Laurdag visste me ikkje heilt kva me skulle finna på, men Rogaland har jo så mykje å by på blandt anna Kongeparken. Eg har vore der kanskje 2 gonger sidan ungdomsskulen, så det va kome mykje nytt. Sist gong eg var der var for 5 år sidan og allereie sidan det var det kome mykje nytt. Eg trudde eg skulle dø (heilt seriøst) i to av "karusellane". Hilde sa at eg sperra opp augene og såg livredd ut i ein berg-og-dalbane. Eg sat berre heilt stiv og håpa turen snart skulle ta slutt. Eg sa ikkje eit ord, utruleg nok. Når me sat på bakken og såg på andre som tog denne "høydeskrekken", som den heiter, såg den ikkje skummel ut i det heile. Men når me kom opp.... Ojojoj, aldri meir! Eg trur det er ein av topp 10-skalaen av kor redd eg har vore. Dagen i parken avslutta heldigvis godt med ein heilt ufarleg rutsje-ting.... Elles trur eg kanskje ikkje eg hadde nærma meg Ålgård meir.

No har Hilde reist, og eg sit att åleine. Men eg har jo katten då....

søndag 22. juni 2008

22. juni, ein stor dag i historien

Viktige hendelsar sette i gong 22. juni:


  • Tyskland invaderer Sovjetunionen

  • Kong Håkon og Dronning Maud krones i Nidarosdommen (difor har Maud navnedag 22. juni)

  • Statens petreleumsfond blir oppretta (!!!)

  • National Treasure har release på DVD

  • Sprangereidkanalen blei opna for båttrafikk

  • Ferja mellom Talgje og Rennesøy hadde sin fyrste avgang

Viktige folk som er fødde 22. juni:


  • Meryl Streep

  • Henrik Mestad

  • Sigurd Sollien

  • Kim Kolstad (Jens August Anker-Hansen)

  • Åshild Østebø

HURRA!!! 25 år, halvvegs til 50... Ungdommen veks til!

torsdag 19. juni 2008

Ædi ædi blædi, eg ha-ar feri!

F for fridom

E for endelaus soving

R for reise

I for ingen fleire prøvar, bøker, stilar osv å rette før august

E for endelig ferie


No er dagen her, dagen eg har venta på i mange veker. No kan eg endeleg slappa av, sova lenge, vera oppe lenge, eg kan gjera alt utan å ha dårleg samvit :) Eg skal sova så lenge i morgon at eg får liggjesår!!!

tysdag 17. juni 2008

Nytt kamera

Canon 400D er no mitt nye kamera. Eg bytta det gamle kameraet mitt (som er drit) med ei nesten ny linse. Pappa sa at mamma hadde gjort ein dårleg handel:) Pappa er min personlege rådgjevar når det gjeld økonomi, så eg stolar på han. Det var han som fann (og kjøpt) kameraet til meg, så eg reknar med det er eit skikkeleg kamera. Han er jo ikkje akkurat dum når det kjem til foto... Dette er nokon av dei fyrste bileta eg har teke, ikkje klag på motiva!


Konkurranse: Kva ligg i sølepytten?

fredag 13. juni 2008

Telefonkø...

Så satt eg her då, og venta på å få komma gjennom på Bokklubbene sine telefonlinjer. Då tenkte eg: kvifor ikkje berre skriva litt på bloggen når eg lihe greit berre sit her og høyrer på den same fiolinmusikken? Eg fekk eit gavekort hjå bokklubben, og brukte det på filmar, men no har eg fått regning på desse filmane. Fy, skam Bokklubbene... "Alle våre linjer er opptatt. Vi skal hjelpe deg så fort vi kan."

Sit på jobb nesten åleine. Dei store, dvs 5.-10- klasse har aktivitetsdag og er i Sandnes og spelar fotballcup med ein annan skule. Så då er me ikkje mange igjen her. Det at dei store er borte resulterte i at eg fekk plutseleg berre 2 timar i staden for 5:) Så då blei det ein del rydding på pulten. ("Alle linjer er fortsatt opptatt, men vi skal hjelpe deg så fort vi kan") Min form for rydding er eigentleg berre å flytta ting slik at eg ikkje ser dei lenger. I dette tilfellet: bosskorga:)

No er det friminutt. Dilemma: skal eg venta til nokon kan hjelpa meg så fort dei kan i Bokklubbene, eller snakka med nokre elevar om noko middels viktig?? Eg innser jo at det ikkje er vits i å spør dykk om hjelp til dette dilemmaet, sidan de mest sannsynleg er på jobb eller skule, eller kva de enn gjer på. 18 min i telefonkø, dagen kan ikkje bli betre no!

torsdag 12. juni 2008

Pacific Blue

Kor fantastisk er det ikkje at denne serien er attende på fjernsyn? Bilete av damer i mini mini mini bikinar, folk som surfar, hawaii-musikk, kjekke menn: her er det noko for alle! Til og med fanatiske nynorsk-kjemparar kan fylgja programmet i år, tekstane er på nynorsk! Dette gir meg ei skikkeleg god sommarstemning, og eg mimrar tilbake til tida då eg og May Beate snakka om Pacific Blue kvar gong me møtte kvarandre. TC var jo den store helten, inga tvil om det! Favorittepisoden min er den når TC og Chris skal vera spanerar i ein stor container, det er då den søte musikken, som det heiter, oppstår. Så kjem Palermo, aka horsie, og ser dei nyforelska medan han smilar på sykkelen sin.... Kjenner at det kjem til å bli nokre seine kveldar framover sjølv om eg skal på jobb tidleg, eg må jo ha med meg god-serien:)


Har du nokre favorittepisodar? Kven er din helt?

tysdag 10. juni 2008

12 dagar igjen :p

onsdag 4. juni 2008

Varmt!


Der er så varmt ute no at eg kjem nok ikkje til å oppdatera bloggen før torsdag. Då er det meldt regn, ser de. Eg kosar meg ute med naboane mine for tida. Det er kjekt når ein blir litt meir kjend med naboane sine, og kan grilla og finna på andre ting saman med dei. Så det er det eg gjer på for tida, grillar og solar meg. No skal eg heim å retta tentamenar mens eg sit ute og slikkar sol:)

Ikkje gløym solkrem....