tysdag 27. mai 2008

Nå gir eg opp

Makan til manglande engasjenment har eg aldri sett... Du, kor lite motiverane det er å ha blogg med så lite kommentarar. Kva vil de lesa om då??? Kva engasjerer dykk??? Tell me, så kan eg skriva om ting de og syns er kjekt.

søndag 25. mai 2008

My first piece of art

Mitt fyrste (og mest sannsynleg siste) kunstverk, eg må seia at eg er svært nøgd med resultatet. Eg ser jo at eg er noko einspora? (kva heiter det når ein berre kan ein ting??? ja, det er i alle fall det eg er, eg kan berre mala på denne måten). Ein ser at det er same kunstnar kan ein seia, men på andre sida heng jo bileta saman, dei kan ikkje fungera eine og aleine på ein vegg. Det ser jo alle...

















Diverre var denne driten mongo, så de får ikkje sjå skikkeleg korleis dei heng saman. De får heller koma på vitjing (haha, det betyr besøk, altså) å sjå den vidunderlege kunsten.

søndag 18. mai 2008

Du er umogleg, Åshild

Sukk, altså! Det er det rektor på jobb seier når han er oppgitt av seg sjølv. Så no låner eg uttrykket hans. Eg har mange DVDar. Eg bruker mykje pengar på DVDar. For litt over eit år sidan kjøpte eg nokre seriar frå Canada, alle episodane av Will and Grace, That '70s show og Pizzagjengen. Det kom på den nette sum av... alt for mykje i forhold til kvaliteten. Det viste seg at seriane var lasta ned frå nettet og brent ut på nokre jalla DVDar. Lyd og bilete passar ikkje alltid, biletet er ikkje heilt tipp topp, mange DVDar var øydelagde (kutta midt i ein episode for eksempel) og det verste: ein DVD får ein heilt annan serie i staden for den eg skulle ha. Men eg har berre godtatt at det var ein kjempesmell, etter at eg har prøvd å få tak i pengane att.


No har eg altså ikkje klart å dy meg igjen... Will and Grace er ein av dei løgnaste seriane eg veit om, og eg MÅTTE berre ha alle. Eg fann ut at eg kunne kjøpe dei på ei norsk side, men at dei importere dei. Så no er eg klar for 4680 minutt med fantastisk humor. Det at eg har brukt masse pengar på det, gløymer eg snart:)

onsdag 7. mai 2008

Kurs er sunt, året rundt

Kurs, altså! Hæ? Det er jo heilt fantastisk. Eg var på kurs i dag, norskkurs for lærarar i 1.-4.-klasse. Kurset skulle haldast på Quality Hotel Sola, berre det var flott for meg. Då må kom stod det tre esker på kvar plass. Oppi dei var det nye bøker, til odel og eige. 8 bøker til saman, alle lærebøker. Kurshaldaren var sjølvsagt forfattaren av denne boka, kjendis ooo:)

I pausen hadde me tilgong på kaffi og tevatn. Eg valde tevatn med kakao i. Så tok eg med meg ei appelsin. Dette var gratis. Så var det tid for lunsj etter ei stund. Eg hadde høyrt rykter om at me skulle FÅ mat, men var ikkje heilt sikker. Så eg forventa det verste, men håpa på det beste. Og lunsj fekk me! Og eg skal seia det var god mat, alt du kan tenkja deg kunne me velga i. Og det beste av alt, det var gratis:) Eg hadde også fått snusen i at det var både popcorn og softis på hotellet. Og ein kunne berre forsyna seg... Dette var jo heilt utruleg, så mykje ting heilt gratis! Det er over min forstand...

No skal eg lesa i bøkene eg har fått og skikkelig kosa meg! Så skal eg gripa sjansen til å gå på kurs framover! Eg som trudde at kurs var kjedeleg...

laurdag 3. mai 2008

Pastabakeriet du liksom

På onsdag var eg og Mette på Pastabakeriet på Bryne. Sist gong me var der hadde me eit heilt greit inntrykk av plassen. Me var ikkje heilt nøgde med at dei var utselde for den retten me ville ha, og heller ikkje andrevalet til Mette, men heilheitsinntrykket var bra. Me skulle då gi Pastabakeriet ein ny sjanse på onsdag. Den "faste" plassen var oppteken så me fekk ein dårleg start. Minutta etter skulle visa seg å vera like dårlege.

Me hadde bestemt oss, no skulle me prøva den retten dei ikkje hadde sist. Bort til skranken. Nei, dei hadde ikkje spaghetti med kjøttboller. Neivei, då tek me Carbonara. Nei, den hadde dei heller ikkje. NEIVEL, då må me sjå på menyen ein gong til. Kva i all verda er semitørka tomater? Jo, det var soltørka tomater. Jamen, så skriv det då.... Sukk! Greit, eg skulle ha kyllingfilet med SEMItørka tomater, Mette pizza.

Alle fine inntrykk me hadde hatt før var no borte. Det var altfor varmt der me sat. Ein mann bråka utanfor. Maten var ikkje heimelaga (kvifor kalle det eit BAKERI når dei ikkje bakar noko der, berre hiv det i mikroen?). Det var dyrt der. Glasa var for små. Kyllingfileten var 4 små betar med kylling. Semitørka tomater var to cherrytomater til saman som var steikte. Pizzaen var ikkje god. Ein av to dessertar hadde dei heller ikkje.

På døra til Pastabakeriet burde det stått: I dag har me fygjande rettar: Pizza Margarita og Kyllingfilet med semitørka tomater, OG DET ER ALT.

Så dersom du likar å eta ferdigmat på restaurant og med særs lite utval er Pastabakeriet noko for deg. For alle dykk andre: Styr unna denne fæle, fæle plassen. Eg har med dette kome med ein omvendt anbefaling.

torsdag 1. mai 2008

Travel dag

I går når eg skulle køyra til jobb stod katten bak bilen. Eg må ryggja ut av innkjørselen og hadde dårleg tid, så eg satsa på at ho sprang vekk då eg starta bilen. Når eg så hadde kome meg ut av innkjørselen utan å køyra på Ronja tenkte eg at det var rart eg ikkje hadde sett ho nokon plass etter eg sette meg inn i bilen. Men eg hadde som sagt dårleg tid til jobb, noko som for så vidt ikkje er uvanleg. På tysdagar er det eg som har vakt ute før skulen begynte. Eg skulle akkurat til å ringja inn då det kom ein elev bort til meg og sa at, lat oss kalla han Jens, ikkje fekk pusta. Min største frykt: fyrst til ulukkesstaden. Men eg måtte berre ta meg saman og fann ut an "Jens" pusta og hadde det fint. Han hadde dotte (?) av dissa og slått ut pusten. På veg inn spurde ein kollega, ved namn Mette, meg om korleis Ronja såg ut. Eg sa som sant er, svart med kvite sokkar. "Då trur eg kanskje ho er her", sa Mette.

Ho og ei anna hadde sett ein katt som var identisk med Ronja gå rundt og rundt bilen min i ein halv time. Ho hadde "knegt" (kjem ikkje på betre uttrykk) seg inntil bilen min, og alt tyda på at det var Ronja. Me kom fram til at ho måtte ha fylgt med bilen frå Voll til Bryne, det skjer ofte med kattar. Eg engasjerte klassen i den mystiske gåta, noko som ikkje var veldig vanskeleg. Alt eg sa var at eg trudde katten min hadde fylgt med i bilen, og at me no ikkje kunne finna henne. Eg var ute fleire gonger i løpet av dagen og leita etter henne. Eg sette ut mat og jakken min, men ingen Ronja.

I løpet av dagen kom det fleire "tips" om folk som hadde sett katten. Ho hadde vorte jaga av ein hund, ho hadde bite hovudet av ein fugl på naboskulen, ho hadde hoppa over gjerdet, og det var ikkje måte på alt ho hadde gjort. Eg innsåg at store delar av skulen var no engasjerte i katte-mysteriet. Då Ronja endå ikkje hadde dukka opp kl 4, og etter uttallige leiteaksjonar i området, måtte eg berre køyra heim att. Eg innsåg at den katten var long gone, dett var dett. 5 månadar var det eg fekk med katten. Jaja, tenkte eg, det er berre ein katt.

Eg kom heim, såg under bilen for det var ein lyd der. Mens eg står og ser under bilen, kjenner eg noko som stryk seg inntil beinet mitt og mjauar på ekte Ronja-vis. Og jammen er det ikkje ho som står der! Eg trudde ikkje det gjekk an å verta så glad for å sjå att ein katt, men det velta altså ei slik stor glede over meg at det kan ikkje forklarast. Om ho var med til Jærtun og så attende, veit eg ikkje, men det hadde jo vore vedig morosamt om det var det som var tilfellet...

Elles var eg kamp på måndag og har aldri før opplevd makan til engasjement i publikum. Samtlege var meget engasjerte, og det var ein helt fantastisk kamp å vera på, sjølv om me tapa.